Her skal eg vise deg mitt spennande prosjekt :)
Er so heldig å har fått mange avklipte bilbelter,
og endeleg kan eg prøve ut noko av det eg har hatt planar om lenge.
Enda kjekkare når dei er i forskjellige fargar,
her har eg mykje kjekt arbeid framfor meg :)
Har som sagt tenkt på dette lenge,
men den veska eg hadde i tankane såg ikkje slik ut..
Begynte å klippe, og tenke og sy.
Idear og planar blei forandra etterkvart,
og fann fort ut at eg har idear til fleire veskemodellar klar.
Kom på for mange detaljar til å ha alle på ei veske.
Denne veska har eg sydd av bilbelter og lin.
Er spent på kor sterk lin er i slik bruk,
sette derfor forsterkningar ved bunnen,
det er vel der slitasjen er.
Mykje grubling om toppen av veska,
korleis skal lukninga vere..ol.
Enda opp med glidelås,
krok utanpå til å henge bilnøklar i mens ein er utav bilen eit ærend,
og lange nok hank til å ha veska på skuldra.
Likar ikkje desse veskane som er slik kort hank på..
Litt forsterka bunn blei det òg.
Med "knottar" under, dei er jo på bilbelta frå før.
Inni har eg fòra med bomullsgardiner etter ei tante.
Eit par lommar i lin, og selfølgeleg nøkkelsnor.
Er storfornøgd med veska,
stor og god med plass til alt eg berre må ha med når eg er utav huset.
Det har tatt ei god stund å lage den sidan den er blitt forma etterkvart som eg sydde.
Har enda meir igjen av bilbelta, og det er godt,
for planane er mange enda :)
Ha ein fin dag.