fredag 29. mai 2009

Mine Langtidsprosjekt


STRIKKA TEPPE
Nesten ferdig med halve teppet.
Strikkar remser på ca to meter, og heklar dei ihop etterkvart.
Planen er ti remser.
Samme mønster som tidlegare i bloggen min.
Garn: Rubin, Spar Kjøp
HEKLA TEPPE
Det blir mykje restar etterkvart..
Samlar opp og heklar sekskantar av dei.
No har desse lagt ca eit år utan at eg har hekla fleire.
Har tatt dei fram igjen no, og prøver å hekle ein sekskant for dag,
Hadde vore kjekt å få det ferdig snart..

Har ca 110 stk no.
Men må nok doble det antallet og vel so det, tenker eg:)
Spørs kor langt restegarnlageret mitt rekk...
Hvis det er nokon som har liggande restar, og ikkje skal bruke dei.
Er eg interessert, ta gjerne kontakt.
( Garn ca 23 m strikkefasthet )


Blir mykje labbar i bloggen min,
men det er ganske greit å strikke på innimellom teppa mine.
Såg døtrene til ei venninne av meg,
hadde fått noko lignande labbar av bestemor si.
Desse måtte eg berre prøve å lage. Sette i gang, og her er resultatet.
Hugsar ikkje om jentene sine var akkurat slik, men er ganske fornøgd likavel :)
Garn: Silja og Orkide Frå Spar Kjøp.

Ynskjer alle ei flott pinsahelg.

onsdag 27. mai 2009

Smykker

Var ein tur til Førde her om dagen.
Vart freista til å prøve meg på smykkeproduksjon:)
Kjøpte ein pakke med alt som trengst til å lage dette smykket og armbandet.
Spennande.....
Er ganske fornøgd med resultatet,
blir sikkert ikkje siste gang eg prøver meg på å lage smykker.

Dette settet laga eg for ei stund sidan, og er godt brukt:)

Ellers har eg fått tre flotte og inspirerande blad i hus siste veka.
Har hatt mange gode stunder med kaffikrusa og desse blada.
Får lyst til å lage nesten alt som er i dei, men so var det den tida då.....

fredag 22. mai 2009

Kveldskos


So har vi hatt ein ekstra fridag, med sol og litt regn.
Men opp til 19 grader og nesten vindstille.
Eg og yngstemann i huset avslutta kvelden med film.
Og eg med eit glasrødvin og litt strikking,
vart for lenge å sjå ein heil film uten å strikke litt:)


Måtte ut på altanen å ta dette bildet før eg gjekk inn på bloggen.
Kinnaklova til venstre i bildet.
00.30 på natta, får berre lyst til å sitte å nyte det.
Men pliktene kaller, opp i morgon tidleg å reise på arbeid.
Ynskjer alle ei flott maihelg vidare:)

onsdag 20. mai 2009

Konfirmasjon

10 mai var det konfirmasjon for yngstemann i familien.
Hadde ein kjempefin dag med familien.
Her er konfirmanten attmed ei flott kiste han fekk frå mormor og morfar.


litt frå bordpynten,
er ikkje nokon ekspert men vart ganske fornøgd likavel...
Enkelt og greit:)



Samlar på det meste:) ( kan jo få bruk for det ein gong)
No fekk eg bruk for dei tomme sitronflaskene eg har samla på:)
Likar fargen på dei.


onsdag 13. mai 2009

Diverse strikk


Må ha litt småstrikk innimellom mens eg strikkar
på stort teppe.
Lommetøfler er raske å lage og greie å ha liggande som gave el.l.

Bosniatøfler.


Ankelsokkar.
Vart ikkje heilt fornøgd med desse,
litt for korte og vide rundt ankelen.
Likte mønsteret framover foten,
skal prøve å strikke vottar med desse "rosene" ein gong.



Åttebladroser, alltid like populært:)
Strikka i svart sisu og fleirfarga opal garn.

fredag 8. mai 2009

Slik går det når katten vår er åleine i stova.
Eg finn ho ofte slik når eg står opp om morgonen.
Er snar å legge seg på salongbordet,
inn iblandt lysestakar og blomsterpotter.
Likar seg òg bak PCen min
eller attmed det trådløse tastaturet på den
stasjonere dataen vår.



tirsdag 5. mai 2009

Bakedag


Skulle lage brød, men sidan eg var i gang sette eg ei bolledeig òg.
Då var det berre å fortsette,
tørre vaflar og Sara Bernard ( kjempegode og greie å ha i fryseren)
Vart inspirert av AnnHelen,
http://snillpike-snillpike.blogspot.com,
som hadde laga tørre vaflar.
Fekk lyst å lage dei eg og, lenge sidan sist. Mmmm :)


Strikkejakke



Denne jakka strikka eg for ei stund sidan. fann mønster på: garnstudio.no.

Skal strikkast med dobbelt garn.
Brukte ikkje garnet som var anbefalt, men kjøpte bomull sport og Rubin på Spar Kjøp.

Artig jakke, men skulle nok brukt garnet som var anbefalt i mønsteret. Den vart tung, følte den ikkje ville henge på skuldrane.

Vart lei av å ha den liggande i skapet, har no rekt opp jakka.
Skal nok finne noko anna å lage av garnet:)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...