onsdag 17. februar 2010

pølser og knekkebrød

Vi har hatt flott vinterveir i mange veker,
hugsar ikkje sist vi hadde det slik.
Etter mykje aking,
er det koseleg med bål og varme pølser.
Dette må ha vore i den blå timen...



Har prøvd å laga knekkebrød, vart freista av bloggen til Tovepia.
Desse vart gode, anbefales.



Kjempegode med cottage cheese og heimelaga eplemos.

Har nokre strikka og tova produkt liggande til tørk.
Skal montere og ta bilder av dei neste veke.

I morgon reiser eg og yngstemann i huset ein tur til Oslo,
skal besøke datter og storesøster nokre dagar.
Det er vinterferie her hos oss i neste veke,
so då passar det med nokre dagar på tur.
Det einaste som er pakka til no,
er ei veske med handarbeid.
Blir mange timar med strikketøy,
først ekspressbåt til Bergen,
og vidare til Oslo med tog.

Ha ei flott veke vidare:)






fredag 12. februar 2010

Ferdig med teppet.

Då er teppet ferdig.
Har i grunn vore ferdig nokre dagar,
men no først vart det fotografering.
Måla er ca 130 x 140 cm, liggande flatt,
men det er ganske elastisk.


Har planar å strikke ei pute til teppet,
hadde sikkert vore fint med teppe og pute i samme mønster.

Ha ei kjempefin helg,
og god morsdag til alle mammaer :)



fredag 5. februar 2010

Quilting / lappeteknikk

Veit ikkje om eg er seint eller tidleg ute,
med å lage juleduk :)
Kjøpte stoffpakken før jul,
no først fekk eg lyst å lage den.
Dette er første gang eg lagar noko i
quilting eller lappeteknikk..
er ikkje sikker på kva det kalles.
Den er vel ikkje heilt perfekt, men eg er formøgd,
og moro var det og :)
Trur eg må finne meg nokre enkle mønster med påskemotiv.
Det er ein del basarar no framover,
som tek imot gevinstar.

So må eg få sei at i går hadde eg vore røykfri i eit år.
Og det har gått so bra, trur eg fortsetter slik :))

God helg til deg.

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...