onsdag 27. oktober 2010

Pung med vri.

Har prøvd meg på frihåndsquilting på symaskina,
eller har gjort det slik eg trur det skal gjerast.
Fann mønster på denne pungen i quiltemagasinet nr 6-2003.
( gløymde å skrive i forige innlegg at mønster til den veska/nettet,
er frå quiltemagasinet nr 2-2008, hvis nokon lurer. )


Denne var rask og grei å sy, og artig vri på den.
Har pynta glidelåsen med eit avlagt smykke.

Når den er åpen, er det god oversikt inni.

Denne har eg òg lyst å laga fleire av.
Men den lista med "har lyst å lage" er begynt å bli ganake lang..


søndag 24. oktober 2010

Quiltemagasinet

Har fått låne nokre eksemplar av quiltemagasinet frå ein slektning.
Der var mykje lærerikt og inspirerande.
Bla denne veska/nettet som eg har laga.


Hovedstoffet er frå ei kåpe som eg klypte av for ei dame i fjor.
Altfor godt stoff å kaste :)
Det grå er ein møbelstoffrest eg kjøpte på STOFF&STIL i sommar.
Og det blomstrete stoffet er frå Jysk.
Pynta den med grøn sløyfe som eg fann i tølene mine.
Den røde flippen med knapp i, er skulderklaffen frå samme kåpa.
Veska er lik på begge sider.


Inni er den fora med samme stoffet som er utanpå,
og kvikka opp med grøn nøkkelsnor og grønt glidelås på lommen.
Den er 40 cm brei og 50 cm høg + 10 cm bunn.
Kanskje den kunne vore litt lavare,
det får eg prøve ut neste gong eg brukar dette mønsteret.


lørdag 23. oktober 2010

Decopage

For nesten eit år sidan,
kjøpte eg inn lerret, lim, lakk, penslar
og ikkje minst mange flotte seriettar.
No først har eg gjort noko med dette,
noko eg aldri har prøvd før :)
Har starta enkelt,
limt på heile serviettar, synest dei var for fine til å klippe sund.
Det øverste bildet er 20 x 20 cm.


Desse bilda er 15 x 15 cm.
Har spesielt sansen for den nede til høgre,
og det med steinar.


Eg har fleire planar innan denne teknikken,
vi får sjå om tida strekk til..

Konklusjon: Decopage er artig :)


mandag 18. oktober 2010

Varme føtter

Det har vore litt labbestrikking no ei stund.
Må ha eit handarbeid som får plass i veska,
det gjer ikkje gensaren eg strikkar på til far i huset.

Tre par har er eg ferdig med.
Desse lilla skeive sokkane, er bestilt og levert.
Strikka i Viking Superwash,
einaste garnet eg fann som var mørk lilla,
og som jenta ville ha :)


Desse skeive sokkane er strikka i Silja,
Kjøpte desse tre fargane ein gong,
og no har eg endeleg fullført planen eg hadde for dei.
Men, uff, so kjedeleg å sitte å
surre med nøster heile tida..



Siste par ut er heilt vanlege herresokkar.
Her fekk eg brukt opp nokre nøster Robust,
som eg kjøpte i sommar i Knarvik,
Då eg og dotter mi var på jente-roadtrip nokre dagar ;)



lørdag 16. oktober 2010

Etui

Har laga nokre små etui
til yngstemann som er begynt på vidaregåande.
Han er begynt på Media og Komunikasjon.
Han ville ha slike til div småting som vart liggande å slenge i sekken.
Den øverste er eit lite etui til minnekortet til kamera dei får låne på skulen.
Og bildet over, har han redigert for meg.
Likte det so godt at eg måtte legge det ut på bloggen min.


Her eit lite overblikk av alle tre.
Ikkje noko avanserte greier, dei er laga i full fart.

Dette er det to rom i,
til minnepenn og anna småting.
Er laga av nokre skai-restar og litt bomullstoff.

Denne er av ulltepperestar, og med to rom i.
Grei til ungdomskort ol som ein måtte ha liggande.

Dette er den som var på første bildet.
Greit å ha noko å ha desse dyre minnebrikkene i,
so dei ikkje blir ødelagt i penalet.

Har funne gamle knappar til å sette på.
Den nederste har eg hatt liggande i ca 25 år..
Den har eg trekt sjølv,
og er etter ei drakt eg sydde då eg gjekk på yrkesskulen i si tid :)
Det kjem som oftast til nytte ein gong :)

Ha ei super helg.



onsdag 13. oktober 2010

Makeover

Dette seleskjørtet har eg hatt liggande i maaange år.
Det var eit favorittplagg i si tid, og har ikkje greidd å kvitte meg med det.
Kom eit stykke i fornyingsprosessen, før eg kom på at eg ikkje hadde tatt "før" bilde av det.
So derfor måtte eg sette på igjen stoffet nede med nåler :)

Skjørtet er i eit herleg stoff som ikkje krøller.

Bak er det eit blankt silke-liknande stoff, nett som på ein vest.
Rette fargen på sjølve skjørtet er vel på dette bildet.

Slik vart det etter litt klipping, sying og hekling.
Kanskje det no kan komme i bruk igjen.


Har hekla svart blondekant nede og rundt lommane,
som eg òg har sydd igjen.

Då har dette skjørtet fått sin makeover.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...