onsdag 18. juni 2014

Pute med elg.


Denne puta strikka eg som bursdagspresang til sambuaren til eine son vår.
Måtte sitte heilt konsentrert å strikke, kvar omgang var forskjellig.
Av og til angra eg fælt på at eg sette igong med dette, men når puta var ferdig var alt gløymt.
Vart kjempefornøgd med resultatet, og jenta likte den òg :-)
Kanskje eg lagar fleire med tida..
Fann mønsteret i Familien 5/14,
det heiter Skogens Konge.

dei har eit grått strikkateppe frå før, so den passa bra ilagmed det.



fredag 13. juni 2014

Bilstrikk




I fjor haust skulle eg og kallen på biltur nokre dagar.
Det første eg tenkjer på når eg skal på tur er kva handarbeid eg skal ta med..
Måtte ha noko som eg kunne strikke på og samtidig nyte alt det flotte rundt oss når vi kjøyrer langs vegane.


Då valgte eg å legge opp eit teppe eg har tenkt på ei stund.
Hadde ein pose garn eg hadde arva ei tid tilbake,
valgte fargar, merkte nøster med nummer og fann fram rundstrikkepinne.
So var det klart 
:-)

La opp tre masker i blått, auka ei maske ( med eit kast)
 på kvar side av midtmaska på annankvar omg.
Skifta farge og mønster etterkvart nøsta var oppstrikka.
Enda opp med fleire hundre ( hugsar ikkje talet) masker på pinnen før avfelling.
 

Ikkje før på vårparten i år var teppet ferdig.
Gjekk lei innimellom, og då måtte eg ta fram andre prosjekt ei stund.
Ferdig måler teppet 160 cm x 160 cm, og veg 496 gr.

Det vart gitt som gevinst til basaren, som foreninga eg er med i, 
held kvart år for redningsselskapet.


Har enda nesten like mykje garn igjen som det eg brukte ttil teppet.


Garnet er mjukt og lett.
Heiter SILKE-TWEED
52 % silke og 48 % lammull


Planen er å strikke eit til.
 Men då kanskje begynne i midten og auke i fire hjørner utover.


Med 438 gram skal vel neste teppe bli nesten like stort som det eg har vist her :-)

Takk for at du såg innom, og ha ein fortsatt fin dag.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...