tirsdag 23. november 2010

Vinboks

No har eg endeleg fått gjennomført noko eg har tenkt på lenge.


Kjøpte desse serviettane til dette formålet for lenge sidan,
og når eg då fekk ein slik vinboks frå ei som skulle kaste den,
var det berre å sette i gang.


Ideen har eg sett ein plass,
hugsar ikkje kor,
men har liksom ikkje fått det ut av tankane.


Er kanskje ikkje heilt perfekt,
men greit å ha prøvd det.
Eg er vel fornøgd, eg :)


onsdag 17. november 2010

Varmeputer

Har sydd 8 varmeputer, men fått fylt berre 5 av dei.
Gjekk tom for helkorn som eg bruker som fyll.


Desse putene har eg sydd og solgt mange av dei siste åra.
Gode å varme opp å legge på stive skuldra og nakke,
på kalde føtter el.
So luktar det so godt når dei er varme,
nett som nysteikt brød.



Tre til av desse har eg fåttt ferdig òg.
Dei er raskare å lage no enn den første var.
Grei måte å bli kvitt små stoffrestar på.







søndag 14. november 2010

Kleenex etui

Eg har ei tante som blir heile 84 år i dag på sjølvaste farsdagen.
Ho bur fortsatt heime og sit om dagane i godstolen sin med handarbeid,
det har gått ein del meter strikke- og heklegarn
mellom hendene hennar i løpet av åra.
Eg har ein stor kaffiduk som ho har hekla,
noko som alle ( trur det er sju ) fadderbarna har fått av ho.
So i ettermiddag skal eg heim til ho på kaffibesøk.

Men kva skal ein finne på til ei som har det meste..
Kom på slike kleenex-etui som mange har laga før meg,
det trur eg ikkje ho har frå før.
So då var veien kort i sybrakka mi i føremiddag.



Rask og grei å lage,
kanskje lurt å lage nokre slike å ta med på julemessa. .
Kjekt å ha litt småting å selge og ein slik dag.


lørdag 13. november 2010

Pulsvarmere

Har strikka nokre pulsvarmere innimellom andre prosjekt siste vekene.
Desse er i alligatormønster,
eit artig mønster som eg òg fann på nettet, her.
Har strikka dei i restar frå det kvite heklateppet eg laga.
Strikka desse på pinne nr 3, då vart dei litt stramme til meg.
Garn: Rubin.


Her har eg brukt restar frå tidlegare strikka labbar.
Desse vart litt store, men greit å ha prøvd denne varianten òg :)
Garn: Silja.

Desse er strikka i alpacca.
Mønster har eg funne her.
Fekk ikkje heilt til kanten framme,
so eg gjorde ein liten vri der..


Meir alligatormønster.
Dette mønsteret kjem eg til å bruke fleire gonger,
enkelt å hugse, so eg slepp å følge med i oppskrift.
Strikka desse på pinne nr 4, då vart dei meir passe til mine handledd.


Og eit par i lilla, desse og er restar etter labbar.
Strikka i Viking Superwash, mjukt og godt garn.

Kjekke ting å ha med på messe:)


onsdag 10. november 2010

Snart julemesse

Det nærmar seg julemesse,
og då er det kjekt å lage opp mest muleg til den.
Har sydd desse anorakk/genserane i fleece.
Størrelse 4 og 6 år.
Hetta er fora med lilla jersey,
og so har eg kanta med skråband i samme farge.


Ganske enkle plagg,
men stoffet er so fint i seg sjølv at det trengs ikkje mange detaljar.


Desse to luene er i samme stoff,
i str 1-2 og 3-4 år.


onsdag 3. november 2010

Resteskjerf

Eg har strikka eit skjerf,
etter ynskje frå yngste mann,
som bur på hybel i Førde.
Han har sjølv valgt fargar frå garnlageret mitt,
so minkar det litt der òg.
Har brukt Fritidsgarn, Alfa og anna garn i liknande tjukne.
La opp 222 m, på p nr 6, det er ca 2 m langt.

Har endeleg fått prøvd denne måten å strikke skjerf på.
Legge opp so mange masker som ein vil ha skjerfet langt,
og strikke breidda på det.
Og so er det greit fordi ein slepp å feste trådendane.
For kvar omg klipper eg av tråden,
for so å knytte endane ihop til frynser til slutt :)

mandag 1. november 2010

Marius

Datter vår likar godt marius-mønsteret,
og har bestilt mappe til mac og iPod.


Denne helga var ho heime ein tur,
so då passa det å få dit ferdig til ho skulle reise igjen på søndag.
Her er mappe til mac`en, med glidelås som lukning.



Strikka ein liten til iPod og ein enda mindre til mobil.
Desse har eg sydd trykknapp i.
Det grå som dei ligg på er ein hals som ho har strikka sjølv,
som òg vart ferdig i helga.


Har strikka settet i Fritidsgarn på pinne nr 5,
og jenta var fornøgd med resultatet.


Ho har vore på bruktbutikk og kjøpt seg ein flott kakeboks,
som eg fylte med heimelaga knekkebrød.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...