søndag 30. desember 2012

Fungerer foreløpig som julekortoppheng.


For over eit år sidan kom datter vår heim med denne.
Etter langt om lenge har eg endeleg fått den ferdigstilt slik eg har hatt planar om,
og hengt den på kjøkkenveggen.
Sidan det er jul, har eg pynta den med røde lysande julekuler/lys.
 



Før jul fekk eg god hjelp av min dyktige pappa,
 som strekte hønsenetting på glassramma etter mine forklaringar om korleis eg hadde tenkt det.
For øyeblikket fungerer den som julekortoppheng,
men kan dekorerast forskjellig etter årstid og humør :)



Det var litt grubling om korleis den skulle hengast opp..
Det måtte vere nokonlunde i samme stil som ramma.
Men pappa visste råd, eg fekk to litt rusta og godt brukte kveitekrokar,
som passa perfekt som oppheng.
Brukte til og med tauet som hang på krokane.





Som lysestake i jula, har eg tatt fram ein juletrefot frå min kjære mann sin barndom.
Lyset er skrudd fast og pynta rundt med kristtorn.
Duken som ligg på bordet er ein etter mi bestemor,
det er eit stykke stoff som ho har hekla blonde rundt.

På denne nest siste dagen av året, ynskjer eg deg ei fortsatt god jul 
og alle gode tankar for året som kjem.
Takkar for besøk og komentarar i bloggen min,
og kompliment av dåke som eg møter i det daglege.
Det gleder og inspirerer meg.





tirsdag 11. desember 2012

Stor pute

Denne puta har eg hekla i samme mønster som to andre tepper eg tidlegare har laga.
Den er 60 x 60 cm.
Innerputa sydde eg først trekk på av ein tynn gardinrest.

 Bakstykket er strikka i dobbelt garn på tjukke pinnar. opninga let eg vere å sy igjen,
men hekla ei snor som eg tredde i og lukka med.
Greit om det skal skiftast innerpute eller vaskast putetrekk..





lørdag 8. desember 2012

Julepresang?


Då har det blitt ein traktor-sakkosekk til.
No har eg fått brukt opp nesten alle isoporkulene frå den gamle sakkosekken eg har hatt liggande.
Godt å få den vekk, tok litt plass der den låg.



Den blå frå tidlegare innlegg vart solgt på julemessa eg var på.
kanskje denne òg kjem under juletreet hos ein spent gut...
Om nokon er interessert, ta kontakt på mail annt-stoelen@hotmail.com






søndag 18. november 2012

Garnrestar

 
Bakdelen med å strikke opp garnrestar er når alle endane skal festast.
Men med litt positiv tenking, går no det sin gang òg.




Denne monsterbuksa er strikka og levert for ei stund sidan,
berre eg som er sein med blogging..




Har strikka den i Silja-garn, str ca fem år.
Stripene blei til etterkvart.
Ville prøve å strikke beina ulike,
 då slapp eg å passe på at det var like mykje av kvar farge til begge bein.

På dette bildet ser det ut som om ein beinet er lenger enn det andre,
men dei ER like lange.
Måtte måle ein gong til for å vere sikker,
trur det er stripene og fargane som lurer synet :)




Høyrer guten vart fornøgd og har tatt buksa i bruk,
og då er eg òg fornøgd.






lørdag 10. november 2012

Traktor-sakkosekk


Har hatt ein sakkosekk liggande etter då ungane var små,
har spara på den sjølv om det var hol i den.
Fann ut at eg kunne få bruk for fyllet ein dag..
 
Her har eg fått nytta litt av fyllet.
Sydde ein liten sakkosekk av traktorstoff frå stofflageret mitt.
 




Det blir alltid restar når ein syr,
nok til ei lita toalettveske.





Fora med stoff frå eit putetrekk og ein litt kraftig glidelås i,
blei den ganske grei.





tirsdag 6. november 2012

Lysglasstrekk


Kom over oppskrift på lysglasstrekk i den flotte bloggen til Tovepia.
Den måtte berre prøvast ut.
Fann fram tomt rødbeteglass, bomullshyssing og heklepinne og
sette igang. Uvant å hekle med hyssing, men raskt og artig arbeid var det.







Greidde ikkje stoppe før den var ferdig, og med hjertepynt og snor
var eg vel fornøgd.
Dette var laga søndag, og då fekk sola skine på lysglasset mens eg tok bilete.





Mandag kveld måtte eg hekle eit lysglasstrekk til,
 før eg tok fram det handarbeidet eg har på pinnane for tida.

Desse blir det klart fleire av framover.
Og når hyssingnøsta eg har kjøpt er oppbrukt,
blir det nok brukt div bomullsgarn frå lageret mitt.
 
Sur dag i dag med vind og regn, perfekt for innesyslar.
Men må nok på med gode kle og ta ein tur ut òg.






søndag 4. november 2012

Marius


Som alle andre sikkert òg har fått med seg,
er Mariusmønsteret i sterk medvind for tida..
Eit fint og tidlaust mønster synest eg.

Veit det er komt ut både hefter og bok om dette mønsteret,
når det gjeld boka, har eg sett den på juleønskelista mi :)
Mens eg håpar og gler meg til den,
 prøver eg meg på eigne kreasjonar og gamle mønster eg har i samlinga mi..
Der er det mykje rart når eg ser etter :)

Desse gryteklutane har eg strikka utifrå eit gensermønster i eit
 håndarbeideblad frå 1978.
Den røde fargen er brukt på litt andre plassar i mønsteret enn nyare mønster.

Dei er strikka i bomull sport.

I dag er det nesten vindstille, sol og 5 grader,
ser ut til å bli ein finfindag.

Håpar du får ein nydeleg søndag òg :)






fredag 2. november 2012

Monsterbukse


Sidan eg i det siste har sydd av stoffrestar,
prøver eg å bruke opp litt garnrestar òg.

Monsterbukse har eg lenge tenkt å strikke,
ei god mulegheit å bruke opp smånøster på.
Her er det berre strikken i midja som manglar.




Mønster er i utgangspunktet frå duBedåre.
Garn: Sisu
Str: 6 mnd

Som du kanskje ser er det lilla stykket stripete..
Hadde to smånøster i samme fargenr, men forskjellege partinr.
Strikka tre omg av kvar nøste for å få striper i staden for å få to deler i forskelleg farge.
Utruleg kor stor forskjell det kan vare på partinummer på garn.

Ha ei fin og kreativ novemberhelg :)





onsdag 31. oktober 2012

Sminkepung


Den siste tida har det vore dårleg med blogging frå mi side.
Ikkje fordi eg ikkje har laga noko, men andre ting enn pc`en har vore prioritert.

Denne sminkepungen var ferdig tidlegare i haust.
Uansett kor mykje stoff eg har liggande,
 blir det ofte dei små bitane eg lagar noko av..
 





Denne er laga av eit avklipp frå lang tid tilbake, 
og fora med eit putetrekk.

Mønsteret er frå Timotei sin blogg,
ein inspirerande blogg å besøke.





Ynskjer deg ein fin dag :)




onsdag 17. oktober 2012

Teppe


Endeleg vaska og klart til levering.
Har vore ferdig i fleire veker, men no først har vi hatt nokre dagar opplett
so eg har fått tørka det litt ute.

Dette teppet er til vår eldste sønn som tidlegare fortalt har kjøpt seg eige hus.



Teppet er strikka i Rubin.
Måler 140 x 200 cm, glatt mål.
Vekt 1620 gr.


Dette er tredje teppet eg laga i dette mønsteret,
er enda ikkje lei, so kanskje det blir fleire etterkvart..
Remsene er hekla ihop.


Ynskjer deg ein strålande haustdag.





tirsdag 18. september 2012

Nytting av småbitar


Det er blitt enda nokre mobil-/Ipod etui av smårestar.
Dette er vattert med tynn vatt.



Og dette er uten vattering.
Har sydd på to hemper slik at den kan henges rundt halsen.


Etter ein fridag som til no har resultert i knekkebrødsteiking,
laaang og koseleg regnveirstur med ei veninne langs ein ellers våt sti og nokre runder innom div bloggar.
Dropper eg planlagt støvsuging og heller går i brakka/syrommet mitt og får ut litt av all inspirasjonen eg fekk på nettet. Kva resultatet blir er det ingen som veit..
 
Ha ein fin tirsdagskveld :)
 
 


søndag 16. september 2012

KVIKK LUNSJ




I sommar hadde vi koseleg besøk av ein kar frå Bergen.
Han lurte på om eg kunne strikke KVIKK LUNSJ hue.
Det er noko som eg lenge har tenkt å gjere, so no hadde eg god grunn til å sette i gang :)
 Når eg endeleg fann garn i rette fargane, var det ikkje so lenge gjort.
Og ei blei til tre, hadde visst kjøpt inn rikeleg garn..




Mønsteret fann eg her.
Men desse er strikka i Juvel.

Takkar for hyggelege tilbakemeldingar frå tidlegare innlegg.




lørdag 8. september 2012

Teppe

Endeleg var det veir til å ta bilde av teppet ute.
 Satt sammen av 90 heklaruter og med ein blondekant rundt, 
er eg vel fornøgd.


 

Har brukt 1980 gr Rubin Superwash.
Og teppet måler 180 x 150 cm flatt mål.

 

Dette er andre teppet eg har hekla  i dette mønsteret.
Her er det forige eg laga.

Ha ein super laurdagskveld.



 



fredag 7. september 2012

Av småbitar..


 Etter opplegging av bukser var der eit par biter som var for store til å havne i bosset.




Sprette opp sømmen på avklippa og fann fram litt andre bitar frå samlinga mi.




Eit mobil-/iPhone etui frå boka: Made by me, og mlnster frå UnePune.
Pynta litt med stoffbitar, og vattert med tynn vatt.



Og pengepung frå samme boka, og mønster frå Gurimalla.
Pynta med ein blonderest og fora med stoff frå ei gardin.


Kjekke ting å lage av småbitar eg ikkje klarer å kaste.

Ynskjer deg ei fin septemberhelg.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...