tirsdag 18. mai 2010

Rillehals


Kanskje feil årstid,
men eg har strikka ein hals
etter mønster frå Pickles sin Helt rundt rillehals.
Brukte anna garn enn i oppskrifta: Alfa, dobbelt garn og pinne nr 10.
Endeleg fekk eg bruk for isoporhovudet eg kjøpte i haust:)


Mønster og farge bestilt av datter i huset :)
Rask og strikke,
uvant å bruke so tjukke pinnar.
Skulle kanskje hekla ein kant rundt oppe og nede,
men er redd det vil stramme..

Nokon som har eit godt tips der?

Men den blir nok god å ha i halsen på kalde dagar.







søndag 16. mai 2010

Mairose og gjenbruk.

Det er ei stund sidan eg har blogga.
Travle tider no på vårparten.
Har div handarbeid i sving,
men er ikkje ferdig med noko enda.
Ellers går fritida med til 17 mai komite,
øving i revygruppa eg er med i,
og litt hagearbeid.
Eg er ikkje av dei ivrigaste i hagen,
men styrer på so godt eg kan :)

Pleier å hekle ein del 17 mai roser, for salg, kvar vår,
men i år har eg ikkje fått tid.
Rekk liksom ikkje over alt eg har planar om å gjere..
Skal ta det igjen til neste år.
Kjekt når folk kjem og vil kjøpe slike.
Denne har eg hekla snurra på.


Den øverste rosa er den eg har hekla tidlegare,
men eg likar no den med snurra òg, eg :)



Har funne fram nokre gamle, godt brukte sko,
fekk inspirasjon her , og planta takløk i dei.


Dette synest eg var grei gjenbruk av gamle sko,
istaden for å kaste dei.

Pus stiller gjerne opp som modell :)


I natt har det regna,
men eg hapar det blir opplett i morgon
når vi skal feire grunnlovsdagen.

Ynskjer alle ein fin 17 mai.


mandag 3. mai 2010

omsaum

Forige veke var dotter vår heime ein tur.
Det var kjekt å ha ho heime nesten ei heil veke,
vi hadde føre oss mykje artig, som vi ellers ikkje tek oss tid til.

Denne buketten kom ho inn med,
etter å ha vore ute ein tur.
Jammen mange år sidan sist ho plukka blomster til meg.
Ho var ivrig blomsterplukkar som liten.
Slike småting som rører eit morshjerte.
Har vel liksom ikkje blitt tid til slikt dei seinare åra,
med skulegang, lekser og hybelliv.



Ho fann fram dette skjørtet,
som eg sydde til meg sjølv for ca 25 år sidan.
huff, det høyrdes ut som lenge sidan..
Det var so populært med smale skjørt,
sovidt ein kunne ta ein fot framfor den andre på somme skjørt.
Nokre hadde lakkskjørt,
eg sydde dettet i skai.
Nok mimring for denne gang.

Skjørtet passa henne akkurat,
men sidda er vel ikkje den rette for 2010.


Då var det berre å finne fram saksa,
Kursiv og klippe av..
Og vips, har ho fått seg nytt skjørt.
Kjekt at litt av alt eg samlar på,
kjem til nytte ein dag.

Ynskjer deg ein strålande mai-mandag.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...