mandag 3. mai 2010

omsaum

Forige veke var dotter vår heime ein tur.
Det var kjekt å ha ho heime nesten ei heil veke,
vi hadde føre oss mykje artig, som vi ellers ikkje tek oss tid til.

Denne buketten kom ho inn med,
etter å ha vore ute ein tur.
Jammen mange år sidan sist ho plukka blomster til meg.
Ho var ivrig blomsterplukkar som liten.
Slike småting som rører eit morshjerte.
Har vel liksom ikkje blitt tid til slikt dei seinare åra,
med skulegang, lekser og hybelliv.



Ho fann fram dette skjørtet,
som eg sydde til meg sjølv for ca 25 år sidan.
huff, det høyrdes ut som lenge sidan..
Det var so populært med smale skjørt,
sovidt ein kunne ta ein fot framfor den andre på somme skjørt.
Nokre hadde lakkskjørt,
eg sydde dettet i skai.
Nok mimring for denne gang.

Skjørtet passa henne akkurat,
men sidda er vel ikkje den rette for 2010.


Då var det berre å finne fram saksa,
Kursiv og klippe av..
Og vips, har ho fått seg nytt skjørt.
Kjekt at litt av alt eg samlar på,
kjem til nytte ein dag.

Ynskjer deg ein strålande mai-mandag.



4 kommentarer:

  1. Så flott skjørtet ble og tenk å få selvplukkede blomster fra jenta igjen. Vårglede :)
    Ha en god dag!

    SvarSlett
  2. Så artig!!! Heldige ho som har deg. Ja, det er alltid kjekt på Atløy. Så deilig å berre kunne gå rett til fjells utan å køyre først. Var på Hovden og Granefjellet og skal på høgaste toppen neste gong eg kjem opp, iallefall har eg blitt lovd det av svogeren vår ;)

    SvarSlett
  3. Hei, koslig å ha jenta si hjemme, ja. Ikke vanskilig å finne mor/datter-rollen høres det ut for..

    SvarSlett
  4. Så flott skjørtet blei!! Ja det er kjekt å ha besøk av barna, ha ein god dag:))

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...