fredag 9. desember 2011

Småting

..Gryteklut til begge hender er godt å ha
når ovnsbrettet med ferdigsteikte julekjeks skal ut av ovnen.


Her er bilde av to av dei.
Har laga fire slike,
av gamle kjøkkengardiner,
gamle dongeribukser og to lag vatt
( slik vatt som skal vere inne gryteklutar ol, hugsar ikkje kva det heiter)


..og to poseholdere av stoff eg har kjøpt på bruktbutikken i Førde.





søndag 4. desember 2011

Marius, Marius

Tre bestillingar er ferdig og levert.
Mariusmønsteret er alltid like populært.
Her som mobilvesker.

Ellers er det strikking av bestilte gryteklutar
og div bestillingssaum det går i.
Og andre syslar som høyrer til i adventstida.
Har ikkje det som kallast fritidsproblem, akkurat.
Jula kjem like fort på kvart år
sjølv om ein veit akkurat kva dato den er på .. :-)




onsdag 30. november 2011

Småbitar

Eg har lagt opp ermene på blusen til mor mi.
Flott farge og stoff.
Det var berre to bitar på 8 cm,
men eg kunne ikkje kaste noko so fint.


Litt sytråd, blonder og blanke knappar seinare,
Hadde eg seks pyntenåler/brosjer.


Bak har eg sydd på brosjenåler.

Mamma fekk sjølvsagt velge seg ei av dei.






mandag 28. november 2011

Bestilling

Ei dame kom med dette settet
og lurte på om eg kunne lage ei veske av det.
Skjørt og vest frå nokre år tilbake,
men for fint å kvitte seg med.



Vanskeleg å gjengi rett farge.
tok bilde med og uten blits,
orginalfargen er sånn midt mellom.


Etter litt tenking og grubling
blei det veske til slutt.
Inni er det lommer.
Eine lommen er innerlommen frå vesten,
mobillommen er av ytterstoffet
og eit par lommar til..


Framsida av veska er selfølgeleg av det fine broderte stoffet i vesten.


Her er òg bilde med og uten blits..


Skulderreima er av borda nede på skjørtet.
Forsterka den med svart vevd band på baksida
og litt vatt mellom.


For å få brukt mest muleg av settet,
har eg hengt knyttebandet,
som vesten var knytt ihop med,
på hanken.

Mottakar var storfornøgd :-)




torsdag 24. november 2011

Koseleg førjulssyssel

Tre nye tennbrikettbokstrekk.


Laga av ullteppe, pynta med rødt bomullsgarn,
glittergarn, tau.
Og ein liten bomullstoffbit eg fann blant
gamle sysaker på loftet hos mine foreldre.


Kanten oppe på dei to ytterste trekka
er orginal-kanten av ullteppet.

Kosar meg når eg får gje gamle ting nytt liv.




tirsdag 22. november 2011

LFC

Her er det for tida lite blogging og bloggbesøking av meg,
men produksjonen går for fullt.
Det nærmar seg julemesse,
og då går fritida til forberedelser til den.

Då eg strikka desse gryteklutane,
kom det spørsmål etter andre fotballag-navn..
Har prøvd å lage det,
her er første grytelapp-par med Liverpool FC.

Garn: Bomull Sport, Gjestal.
Mønster: eigekomponert.






onsdag 16. november 2011

På pulsen

Pulsvarmere kunne ein lage kvar dag.
Dei går unna nesten før dei er ferdig strikka.
Her er min variant av eit favorittmønster.
Orginalen er Elf Clobber,
men eg har strikka brotet i små enkle fletter
i staden for vridde rettmasker.


Eit anna favorittmønster er alligator.
Desse blir eg ikkje lei av å strikke.


Desse har eg ikkje mønster på,
prøvde meg berre fram.
Det er vel liknande mønster på nokre vottar eg har sett på nettet,
men her i mindre format.




mandag 14. november 2011

Eg fortsetter med gjenbruk..

Denne reklame-banneren har eg fått frå frisøren eg går til.
Slike skiftar dei ut av og til,
og då var det kjekt å få lage noko av den i staden for å kaste.


Av denne sydde eg veske/nett.
Kjent fotballspelar på eine sida..


...og reklame for RENATI på andre sida.


Hadde stoff igjen til ein pose,
kjekk til å oppbevare div ting oppi.

Det blir mykje vesker/nett på bloggen min.
Men likar ikkje plastposar,
so eg håpar mange går over til stoffnett når dei handlar..



Etter eg laga pute av ein gammal genser for ei stund sidan,
vart ermene liggande igjen.


Fekk sydd to trekk til tennbrikettboksar av dei.


Trekket kan takast av å treast på ein ny boks når denne er tom.
Eller den tomme boksen kan jo òg brukast til å oppbevare noko anna i.




lørdag 12. november 2011

Salsutstilling

I dag har eg og datter vår vore på Askvoll og hatt stand.
Trudde ikkje eg hadde so mykje å stille ut,
men det var visst blitt ein del likavel då eg fekk samla alt.


Det har vore mange innom for å sjå og kjøpe.
Og mange positive tilbakemeldingar å få.


Sit att med ein god følelse,
og masse inspirasjon til å fortsette å gjere det eg likar:
Å fylle mykje av fritida med handarbeid av div slag.





tirsdag 8. november 2011

Omatt

Denne flotte reklame-banneren har eg fått frå den lokale Flugger butikken vår.
Eit kraftig og glansfullt stoff,
som det var vanskeleg å sette nåler i.



I dag har eg sydd to vesker/ nett av den.



Her er eine sida av den største..



... og andre sida.
Klåre og fine bilder på stoffet.
Bunnfargen kjem ikkje godt fram her,
den er fin olivengrøn.



Og her, bilde av den minste.
Denne måtte eg sy på langs for å få utnytte stoffet.
Men, kvifor ikkje.
Godt fornøgd med den, eg :)











søndag 6. november 2011

Alligator

Dette er eit mønster eg likar godt.
Kjekt å strikke, og artig effekt synest eg.
Desse er strikka på bestilling, og sendt til Fredrikstad.
Håpar dei fell i smak hos mottakar.


Har prøvd ein, for meg, ny sort garn frå Viking Garn.
Kjempegodt å strikke, og mjukt og godt å ha på.
Har skaffa meg meir av dette garnet,
og produserer for fullt.
Lørdag skal eg ha salsutstilling i andre etasje i Coop-bygget på Askvoll.
Då er det greit å ha litt av kvart å vise fram :)




onsdag 2. november 2011

Gryteklutar


Eit nytt par fotball-gryteklutar er ferdige.
Samme sort garn og eigendesigna mønster som første par.





Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...