
I sommar greidde eg ikkje stå imot då det var posesalg av garn i nærområdet.
Eg kjøpte ein del garn då, ja...
Blandt nøsta var det Palett, som eg lenge hadde tenkt å lage teppe av.
Fem nøster i ein farge og tre i eit anna fargeparti.
Det var greit arbeid å ha med då vi var på biltur i ferien,
og passeleg å ha med i veska.
Det nærmar seg 30 firkantar no,
fekk 19 stk av eit nøste..
blir spennande å sjå kor stort eg får teppet til slutt.
.

Har lenge hatt handarbeidet i ein stoffpose frå Søstrene Grene,
men fann ut at eg måtte ha ein sjølvlaga.
I går kveld sydde eg denne,
av eit stoff eg kjøpte i vår i Førde på Trapp Ned.
Heilt enkel og ikkje fora.

Denne blir flott å ha i handveska med heklepinne og nøste i,
klar til å svinge med heklekroken på ferja og i andre passande anledningar.

Sydde denne òg.
Vart inspirert av
Timotei, som lagar so fine posar mm.

Har ikkje sydd so mykje lappar før,
men grei måte å få brukt opp smårestar på.
Denne er fora.
