søndag 31. mars 2013

Kvikklunsj og fjellturar


Kvikk lunsj luer kvikkar opp no når det vårast.
Ikkje minsk kjekt å strikke i slike herlege fargar.
Ei vart gitt som basargevinst,
og dei andre har eg og min kjære brukt i påska.




To av desse er av samme mønster som første bilde
og som eg har funne her.

Den tredje små til venstre har eg laga mønster til sjølv.
Då den skulle vere ca str 2 år, måtte mønsteret forminskast.



Prøver å gå ein liten fjelltur kvar dag,
gjer godt når ein har slik ein stillesittande hobby som handarbeid er :)

Dette er noko av utsikta på min daglege tur,
Alden ytterst i Vilnesfjorden ligg og kosar seg i solnedgang.



I Påska har eg besteget andre fjelltoppar på Øya eg bur.
Her er eg på Hovden, med utsikt ned til Herland der eg bur,
og vidare Tviberg og Alden vestover.
Herleg å stå å sjå utover der himmel og hav møtast,
og  plattformer som små prikkar ytterst i horisonten.



Her ei Påskehelsing frå Skålefjellet.
Håper alle har hatt og fortsatt får ei kjempefin påske.




søndag 17. mars 2013

Vårfargar


Hadde ein del Rosett garn liggande etter ei tante,
trur ikkje det garnet er i salg lenger.
 Blankt og fint garn i herlege friske fargar, det likar eg :)

Det har lenge vore i tankane om  kva eg skulle bruke den til.
Valget falt på lykter av tomme sylteglass.
Til no har eg hekla 12 stykket, mønsteret berre kom då eg strarta å hekle..
Kanskje eg har sett det i andre bloggar eller på nettet ein plass,
hugsar ikkje kor..
Det midterste, øverste glasset er hekla av hyssing og eit anna mønster,
dei andre av Rosett.
Nokre av dei er solgt, nokre skal eg gje som gevinst til basar,
og resten og muleg dei neste eg hekla
 ( har meir igjen av garnet, men det er verre med tomme glass..)
blir eg sikkert av med på eit vis òg :)






tirsdag 12. mars 2013

luer

Denne lua er strikka i Viking  Eco-Alpaca.
Mjuk og god å strikke av.


På mønsteret skulle det ikkje vere snorer på klaffane.
Men då dei har lett for å rulle seg opp, sette eg på små fletter
og so var det problemet løst :)

Her er ei til av samme mønster.

Begge er levert og komt i bruk, kjekt når mottakar er fornøgd.

Denne lua har eg strikka før etter Tine Solheim 
sitt mønster i boka Maskeball.

Sjalet modellen har rundt halsen,
 har mor mi strikka av tynt bomullsgarn.
Hadde ein del av dette garnet og visste ikkje kva ho skulle bruke det til.
Ikkje noko farge å strikke duk av akkurat.
Eg foreslo trekantsjal, og det vart kjempefint.

Dagane går fort med mykje på " skulle gjort" lista.
Med våren kjem òg bunadsaum som tek mykje av fritida mi.
Men innimellom svingar eg både strikkepinnar og heklekrok,
må prøve å bli flinkare å legge ut her på bloggen min.

Takk for at du ser innom bloggen :)





Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...