fredag 25. januar 2013

No passa den.


Har lenge irritert meg over nokre bukser eg har som er litt for lave i livet.
Buksene har vore lagt vekk, men sidan dei ellers var gode, 
kunne dei ikkje berre ligge slik. Eg måtte gjere noko med dei..
 
No er den eine klar.




Sprette linningen av ei anna bukse frå samlinga 
"gamle bukser som eg ein gong skal lage noko av",
og sette på buksa mi.

Om det ikkje er samme farge, gjer ingenting.
No sit den i livet akkurat der den skal,
og den har vore mykje i bruk sidan den vart fiksa.
 
Då gjenstår det berre å gjere det samme med ei til,
får sjå kortid det blir..
 
Ha ei fin helg :)





mandag 21. januar 2013

Navnelapp

Har brodert navnelapper til å sette inn i foret på bunadscape.
Greit på dagar når mange bunadkledde er samla og har samme cape..






søndag 20. januar 2013

Opptelling


I 2012 har eg samla alle magebelter til nøster eg har strikka.




I dag tømde eg posen for å ta opptelling,
artig å sjå kor mange nøster eg har brukt i løpet av året :)





Kom til 145 stk..
Då er det òg nokre hyssingnøster og div andre lappar utenom,
som eg heng med på ferdig strikka plagg for å vise vaskeanvisning.




Er begynt å fylle i posen på nytt for å sjå kor mange det blir i 2013.

Ha ein strålande søndag :)




lørdag 19. januar 2013

Tova strikk


På tampen av fjoråret blei det strikka ein del isskrapevottar på bestilling.
Denne med pelskant..




..Og fleire som eg har oppdaga i ettertid at eg ikkje tok bilder av før eg leverte dei.
Dei andre var " herremodellar" utan pelskant.





Tidlegare på hausten vart denne karen strikka og tova.
Den vart liggande lenge utan skjegg, pipe og auge,
eg har lett for å la slik montering bli liggande om det ikkje blir gjort med ein gong..





Ein maritim form for vinflaskeskjular
( eller anna flaske for den del..)






onsdag 16. januar 2013

mariusjakke

 
I haust strikka eg mariusjakke i Smart garn til eine sonen vår.
Det skulle vere glidelås i den, 
men den blei tatt i bruk før eg fekk gjort det.
Og guten likar den uten,
so då slapp eg det arbeidet.





Etter to vekers bruk kom han heim på helgebesøk,
og jakka såg ut som den var fleire år gammal.
Den var full av nuppa,
var kjempeskuffa..
Etter so mykje arbeid, og jakka såg slik ut..







Tok med meg jakka til der eg kjøpte garnet,
og eg vart lova garn til nytt plagg.

Men arbeidet må eg vel gjere sjølv..





søndag 6. januar 2013

Gryteklutar


Ligg langt etter skjema når det gjeld å blogge ting eg har laga.
Desse gryteklutane er strikka på bestilling før jul,
og som skulle vere julepresang.
For vel eit år sidan, laga eg mønster og strikka gryteklutar med Liverpool og MUFC logo.
Fekk òg spørsmål etter slike med Arsenal på,
og her er resultatet.


 
Strikka i Bomull sport frå Gjestal.









Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...