torsdag 30. september 2010

Litt stesj.

Her er nokre saker eg har laga i anledning revy- gruppa eg er med i.
Vi har det kjempekjekt når vi er på øving :)
Over har eg laga tolv paljett-sjal, eit til kvar av oss.
Fora med svart forstoff og sydd på frynser.
( Hattane er kjøpt )


Vi trengde ei sekkepipe til eit innslag der vi skulle vere Skotter.
Leitte etter bilder på nettet, og klipte og sydde etter dei.
Dei svarte "stengene" er bambus-veistikker eg har mala svarte.
Heldigvis skulle den ikkje lage lyd ( den kom frå cd )
Ellers var den grei nok,
vi hadde skotteskjørt og huer i samme fargane som sekkepipa.



Dette "kongebandet" laga eg til ein kar
frå ein anna revygjeng her i komunen.
Satte på nokre gamle pyntenåler eg hadde liggande frå min ungdom.
Kjekt med alt som kan komme til nytte igjen :)

Har laga andre " kostymer" òg,
men har ikkje hugsa å ta bilder av alt.

Ynskjer deg ei flott helg.


mandag 20. september 2010

Eigen design ;)

Denne veska har eg laga utan mønster.
Teikna litt på eit ark, og klipte i vei.
Hovedstoffet er av ullteppe,
bunn og dekor er skai,
og fòret er eit retrostoff eg hadde liggande.
Og med vatt imellom, vart det ganske tjukt å sy.



På framsida har eg hengt på ein liten bamse,
frå eit smykke dotter mi hadde då ho var lita.
Obs.. no ser eg at den held på å dette av,
må nok knipe ringen betre igjen.


Glidelåslomme både på fram- og bakside


Inni er det to lommar og snor til nøklar.

Eit lite glimt frå sida.
Den er ikkje so brei,
men rommar ein god del likavel.


torsdag 16. september 2010

Nytt teppe

Då er teppet ferdig.
Dette har vore eit kjekt arbeid.
Og greit å ha med i veska,
for meg som MÅ ha eit handarbeid med meg kvar eg går.
Kan jo få tid til overs..


90 ruter.
Garn: Rubin.
Vekt: 1900 gr.
Mål: ca 200 x 150 cm
Mønster: inspirert av dette,
og kanten rundt fann eg i ei bok med dukmønster.


Freistar nesten å begynne på eit nytt.
Men må nok gjere ferdig andre planlagte prosjekt først.


søndag 5. september 2010

Nett og nyttig.

Takk for hyggelege komentarar etter forige innlegg.
Skulle so gjerne hatt meir tid til overs,
so eg kunne vore i brakka meir.
Men arbeidet kjem først.

Litt småsaum er det no blitt..
Ein reklamebanner som ikkje skulle brukast lenger,
redda eg frå å bli boss.
Den er i eit nylon-liknande stoff,
og i flotte fargar.
Såg fort for meg kva dette skulle bli.



Har laga eit nett.
Kan brukast til fotballsko, gymkle, handlenett el.


Flott reklame for Coca Cola :)


Har sydd snor i sida,
slik at den kan knytast ihop når den ikkje er i bruk.
Tek liten plass i lommen eller veska.

Ellers heklar eg på teppe-rutene mine,
ikkje mange igjen no før teppet er ferdig.

Har òg ein genser på pinnane,
Strikkar vinterens OL genser til min mann.
Det går ikkje fort unna.
Kjedelig å strikke svart bol,
det egner seg kun til å strikke i dagslys.
Håpar ikkje kulden kjem so tidleg,
so eg rekk å gjere den ferdig i tide :)


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...