søndag 31. januar 2010

Oppdatering frå meg.

Nokre små sminke-/myntpunger er det blitt.
Tre av dei er laga av skai, og den grå er av ullteppe,
alle fora med div bomullstoff restar.
Pynta med div sløyfer og skråband, eg hadde liggande.
Den kvite sløyfa er frå bordpynten i eit bryllaup vi var i i sommar.
Neste gong eg skal sy slike, trur eg eg må lage dei litt større.




Det blå resteteppet eg begynte på, er no ferdig.
No held eg på å strikke kanten eg skal sy på rundt teppet.
Var tenkt å ha den og blå, men då måtte eg kjøpe garn,
noko eg skulle prøve å unngå..
Då blei da nesten kvitt,
var ein del garn igjen etter teppet eg strikka i fjor haust.
Er kry av meg sjølv no, eit heilt teppe,
utan å kjøpe garn :-)

Ha ein kjempefin søndag.


onsdag 27. januar 2010

Mønster etter bestemor

Har vore hos mor mi,
og fått med meg mange gamle mønster etter bestemor.
Interessant å sjå modellar frå midt på 1940 tallet og framover.



Her var mykje flotte mønster,
tok si tid å sjå gjennom alt.

Måtte berre vise deg bilde av desse mønstera eg har fått :-)



mandag 18. januar 2010

Litt gjenbruk

Hadde ei lilla og svart allvèrsjakke,
som mine barn arva etter eldre søskenbarn.
No var den for liten,
men eg greidde ikkje å kvitte meg med den.
Synest den lilla fargen var so fin :)
No har eg sydd eit handlenett av den.



Sette ein lomme på eine sida,
tenkte veska kunne vrengast opp i den.
Men lommen vart litt for liten,sidan veska er fora.
Skal sette ei snor i sida,
so ein kan rulle ihop veska og knytte snora rundt.
Tek ikkje so stor plass i handveska eller lommen då,
på vei til butikken.
Har meir stoff igjen,
kanskje det blir ei veske til... eller noko anna...



So eit lite prøve-eksemplar av eit kortetui.
Sydd av ullteppe- og skairestar.


Ein liten borrelås til lukning,
ingen magnet som øydelegg stripene på korta.
Men som sagt, dette er berre ein prøve,
kjem nok fleire utgaver av denne etterkvart :)



tirsdag 12. januar 2010

Restegarnprosjekt


Søndag fann eg fram ein stoooor pose med div garn,
som eg har samla på i lang tid.
( Greier ikkje kaste noko )
Mange nøster eg ikkje veit kvaliteten på,
og restar av div prosjekt gjennom åra.
Plukka ut alle nøster i blå-, kvit- og gråfargar,
pluss litt gullfarga pelsgarn og vanleg garn.
Og med inspirasjon frå boka Maskeball av Tine Solheim,
og hennar flotte tepper og sjal,
sette eg i gang.
Har lagt opp 160 masker på pinne nr 6,
so får vi sjå etterkvart korleis det blir..





lørdag 9. januar 2010

Hadde litt til overs...

Tenkte å prøve å få brukt opp noko av alt garnet eg har liggande,
noko som ikkje er enkelt.
Det blir som regel kjøpt nokre nøster når eg kjem i nærleiken av ein garnbutikk..
Det er so mange fine nøster i flotte fargar,
som berre ber om å få bli med heim.

Hadde litt igjen av Napoli exlusive,etter forrige kjole,
og strikka ein kjole str 1/2 år.
Har lyst å kjøpe meir av dette garnet,
likar godt å srtikke av det.

Men so var det eg som skulle bruke av det garnet eg har..
Jaudå, denne gangen har eg unnskyldning,
har fått bestilling på ein slik modell i str 6 år.
Og no er eg tom for dette garnet,
DÅ må eg berre kjøpe meir:)

Hekla eit par roser og sydde på nede på framstykket.
Trur eg skal gjere det på den første og.


So har eg strikka eit par baby-selbuvottar.

Garn: baby ull, kvitt og svart.
Str 6-9 mnd.

Ha ei flott og kreativ veke.


søndag 3. januar 2010

Årets første...

Årets første ferdige produkt.
Strikka kjole i Napoli exclusive frå Gjestal,
mjukt og godt garn.
Str 4 år.



Bosniatøfler, ca 19 cm.
Garn: Viking Frøya, melert og svart.



Tidleg i desember fekk eg denne awarden av Malla.
Takk for den,kjempekjekt å få :)
Setter stor pris på den.
Sender den vidare til nokre av dei flotte bloggarane eg følger med.
Snillpike, Tovepia, stofftausa, Tone M, Mitt lappeliv og Muffins Verden.



fredag 1. januar 2010

Godt Nyttår

Heisann, og godt nyttår til alle der ute i bloggverden.

Vi har hatt ei flott jule- og nyttårshelg, med mykje snø og fint veir.
Hugsar ikkje sist vi hadde kvit jul, det er berre fjempeflott ute no om dagane.
Dette er litt av utsikta frå stova vår.



Etter at sviblane eg hadde i denne gruppa, visna,
pynta eg den med sølv og minivottar:)

I juletreet har nissen sin faste plass,
og sit og ser utover i julehuset.

Blir ikkje lei av å ta bilder ute i snøen,
her utsikt mot nord,
med øya Kinn i bakgrunn litt til venstre i bildet.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...