søndag 31. januar 2010

Oppdatering frå meg.

Nokre små sminke-/myntpunger er det blitt.
Tre av dei er laga av skai, og den grå er av ullteppe,
alle fora med div bomullstoff restar.
Pynta med div sløyfer og skråband, eg hadde liggande.
Den kvite sløyfa er frå bordpynten i eit bryllaup vi var i i sommar.
Neste gong eg skal sy slike, trur eg eg må lage dei litt større.




Det blå resteteppet eg begynte på, er no ferdig.
No held eg på å strikke kanten eg skal sy på rundt teppet.
Var tenkt å ha den og blå, men då måtte eg kjøpe garn,
noko eg skulle prøve å unngå..
Då blei da nesten kvitt,
var ein del garn igjen etter teppet eg strikka i fjor haust.
Er kry av meg sjølv no, eit heilt teppe,
utan å kjøpe garn :-)

Ha ein kjempefin søndag.


8 kommentarer:

  1. Flott sminke og mynt punger du har sydd. Flotte fargesammensetninger:)
    Og strikkakanten du ska ha rundt teppet blir flott.
    Du har mye flott i bloggen din.
    Ønske deg en flott søndag:)

    SvarSlett
  2. Du so søte mynt/sminke pungane dine var :-)
    Den kvite strikkakanten rundt teppet ditt blir lekker, gleda meg til å sjå den ferdig, montert på teppet.
    God søndag!

    SvarSlett
  3. Så flotte sminke/myntpunger du har laga!! Så flink du er, god veke til deg:))

    SvarSlett
  4. Så flott bloggen din er, lenge sidan eg har vert innom her....
    Er litt misunnelig på alle dei flotte mønstra du har fått.

    Ha ei flott veke.

    SvarSlett
  5. Lekre sminkepunger, har lenge tenkt eg skulle prøve meg på slike, tida får vise. Er så spent på å se det ferdige teppe med slik ein fin strikkakant. Ha en god kveld :)

    SvarSlett
  6. Skikkelig flotte pungar du har sydd. Gledar meg veldig til å sjå teppet ditt ferdig.

    Ynskje deg ei flott veke.

    SvarSlett
  7. Det blei veldig stilig mamma :)

    SvarSlett
  8. Gleder meg til å se teppet ferdig. Fine punger du har sydd, har også planer om slike. En eller annen gang.....

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...