fredag 26. juni 2009

Jonsok og julafta på ein gong:)

Jonsokfeiringa gjekk for seg som vanleg her på Herland.
Vi rigga oss til i båthavna med bord, stolar, grill mm.
Det møtte opp over 100 personar som kjøpte grillmat, kaker og kaffi.


Utpå kvelden vart bålet tent,
og vi kunne berre sitte å nyte det og solnedgangen.
Kan det bli betre...


SJÅ kva eg fekk hos ei dame her om dagen....
Det var nesten som julafta for meg...
Ein stor stabel med gamle stoff, gler meg berre til å sette i gang å sy av dei.


Her er alle oppvaska og klare til produksjon...


Første plagg ut.
Fire enkle sommarkjolar i str eitt til fire år.
Men stabelen er stor enda, so eg tek det sånn litt om litt.

Har ferie no, og har fått akkurat det veiret eg bestilte:)
Og i morgon er vi innvitert i bryllaup, gler meg til det.

Ynskjer alle ein flott sommar vidare.

søndag 14. juni 2009

Sommar og hagearbeid.

Denne krabaten møtte eg på ferjedekk fredag på vei heim frå arbeid.
Det var heilt fullt med bilar, men han hadde sett seg fint ned framfor ein.

Har ikkje noko nytt handarbeid å vise no,
har arbeidt med ein presang, som eg ikkje vil vise før mottakar har fått den:)
Blei ferdig med den denne veka.
So no skal eg ta eit dykk i kassane med garn,
å finne noko som fristar å begynne på.
Må ha litt variasjon mellom teppa eg strikkar og heklar på .



I eine hjørnet i hagen har vi hatt nokre graner, som har iritert meg ganske lenge.
Sette sønnene i huset til å sage. Endeleg skulle vi få vekk desse trea,
som plutseleg var blitt so store......
Men det vart for mykje å sage med handsag.
Fekk låne motorsag, og då gjekk da unna:)
Ein saga og vi andre bar unna, og kjørte det på jonsokbålet etterkvart.
Endeleg kvitt desse ...... granene.


I fjor hekla eg dette skjørtet til min kjære datter,
men har ikkje fått tatt bilde av det før no.
Mønster: Kreative kvinner nr 4 2007
Garn: Baby bomull


For ca tre år sidan sydde eg denne kjolen, når datter i huset skulle på juleball.
Kjøpte svart sateng og blondestoff hos Stoff & Stil, og sette i gang.
Mønster er frå eit Burda blad.
Jenta vart fornøgd med den, og den passar fint enda:)

Sydde lause ermer i blondestoff, men dei har ikkje vore i bruk.
Dei falt ikkje heilt i smak hos brukar:)
Den har eit lite slep bak, men har sydd å hempe på undersida,
som ho kan ha rundt handleddet for å få den opp frå bakken.

Ynskjer alle ein fortsatt god søndag:)

torsdag 4. juni 2009

Flotte ungdommar

Mine kjære barn ( tre til høgre) og tantebarn ( tre til venstre ), i finstasen sin.
Bilde frå komfirmasjonen til yngstemann, kjekt å ha dei alle samla i desse travle tider.
Datter mi har ein snart 60 år gammal sunnfjordbunad, som ho har arva etter oldemor si.
Dei tre andre jentene har sognebunad.
Flotte ungdommar alle seks, som eg er so stolt av:)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...