tirsdag 27. september 2011

MUFC

Litt strikking må til når ein vil ha forandring frå symaskin og heklepinne.
Eldste son vår er blitt huseigar,
og då må ein jo ha gryteklutane klar på kjøkkenet.
Og ihuga Manchester United fan som han er,
ville eg prøve å lage noko til han med laget sine bokstavar på.
Her er resultatet:
Garn: Bomull sport, svart og rødt.
Ikkje godt å få fram rette rødfargen.
Mønster: Sjølvlaga, strikka på rundpinne,
mønsteret er likt på begge sider.


Tirsdag er fridag, då er det forskjellig som skulle vore gjort.
I dag tidleg tok eg føre meg kjøkkenskuffa der mjølet er.
Tømde mange restar i bakebollen og laga brød av dei,
so no er skuffa ryddig og rein.
Utruleg kor god plass det blir i ei skuff etter litt rydding.
Og brøda vart kjempegode, om eg må sei da sjølv.
Utan kveitemjøl og berre grovt og div korn,
er dei akkurat slik eg likar dei.

Ellers går det meste av dagen med til søm,
litt småoppdrag som er gode å få unna.
Og kanskje tid til overs til å få prøvd ut nokre idear :)




søndag 25. september 2011

Begynte med nytt enda opp med brukt

Til høgre på bildet er eit flott stoff eg kjøpte for å sy meg tunika..
Men hadde kjøpt for lite, og leitte i mitt store lager av kle og stoff
for å finne noko å supplere med.
Fann bla dette kappeskjørtet til venstre på bildet,
eit skjørt eg kjøpte på salg ein gong i tida.
Ikkje fordi eg likte skjørtet, men falt heilt for stoffet og fargane.



Dette var sist tirsdag, og eg skulle ha noko nytt til helga.
Har nemleg vore på Skei Hotel med ØyaMøya
( revygruppa eg er med i ) m følge.
Vi var ein del av programmet på hotellet lørdag kveld.
Kjempekjekt..
Tilbake til saken.. enda opp med å sy meg kjole av dette skjørtet.
Då eg klipte av kappane og glatta ut, vart det mykje godt stoff.
Heldigvis var foret og av samme stoff,
det blei til bolen.
Ermer og nederst på kjolen er av nederste kappen av skjørtet.


For å stæsje opp litt, sydde eg på ein løpegang over kappen
og sette i det som var knyttebelte på skjørtet.
Duskane knytte eg berre på,
for so å kunne knytte dei av når kjolen skulle i vaskemaskina.



Halskanten skjøtte eg ihop so det vart fleire fargar,
likar det når det ikkje er heilt likt på begge sider.
Kjolen er litt krøllete på bildet.
Grunnen er at den kjem rett frå kofferten,
er at eg brukte den på dansen på hotellet i går.
Og måtte få yngste guten til å ta bilder av meg før han reiste til førde igjen
til ny veke på vidaregåande,
og då tok eg meg ikkje tid å stryke.



Her er ho mor sjølv i festantrekket :)
Litt sliten etter ei helg på hotell,
men det skal ein vel vere.
Må kose seg når ein er på slike oppdrag..


Bak er det ei lita fold i ryggen.
Ellers er kjolen aldri so lite innsvinga i livet og
skråa ut nedover skjørtet.
Stoffet er tynt og lett,
her står kappen ut pga vind.

Kjolen var behageleg i bruk,
kjem nok til å slite på den utover hausten.

Takkar for mange koselege tilbakemeldingar i forige innlegg,
det inspirerar til nye idear.
Fekk foresten nokre lyse idear på bilturen heimover i dag.
Da gjer godt å berre lene seg tilbake å la tankane suse av og til :)


torsdag 22. september 2011

Pimping up my boots :-)

For nokre månadar sidan kjøpte eg nokre støvlettar på salg på postordre.
Men med mine store leggmusklar,
er det ikkje alle støvettar eg får opp glidelåsen på.
Det samme var med desse.
Likte godt støvlettane, og gjekk til skomakaren for å få dei fiksa,
men han skulle ha 500.- til 600.- for det.
Med sko til 200.- ville eg ikkje bruke so mykje pengar på dei.





Etter mykje tenking og grubling,
fekk eg ein lys idè.
Satsa skona og gjekk laus...
Klipte opp bak,
laga hull nedover på kvar side..
..og fann fram heklenål og bomullsgarn i garnlageret mitt..





Og etter litt prøving og feiling vart resultatet slik.
No får eg opp glidelåsen utan problem,
og har støvlettar som ingen har maken til :-)





So gjenstår det å sjå korleis dei fungerar i bruk..
..og blir eg lei,
kan eg berre sprette dette vekk og sette på snøring,
lage anna kile eller kanskje det dukkar opp ein anna lys idè.






søndag 18. september 2011

Søndagstur

I dag har eg vore på tur i flott natur,
som starta rett over vegen frå huset vårt.
Her kjem eit bilderas frå turen.
Eg berre knipsar i vei mens eg går,
då er det alltid nokre bilder som kan brukast.

Bildet over er litt av bygda Herland der eg bur,
tatt mot nord.


På første topp, kalla "Tyskarhytta".
Flott utsikt mot vest og av Alden og Tviberg.




Her er Brurastakken til høgre
og den mykje fotograferte Alden i bakgrunnen.
Den har eit lag med å komme med på mange bilder..





Turen gjekk ned langs foten av Brurastakken..


...heilt ned i fjæresteinane.
Der stod ein postkasse..


.. i den ligg det ei bok som turgåara kan skrive seg inn i.


Eit lite kristtorn tre midt i ei lyngtue.


Der var ein del slike busker med røde bær på.
Veitt ikkje kva dei heiter.




Mykje flott stein, i mange variantar.


Fine høstfargar er begynt å vise seg i naturen.


Svarte bær..


...


Ikkje mykje bølger i dag.


Då er det berre å begynne på motbakkane.
Her er det sett opp stigar og kjetting til rekkverk,
for å kunne komme seg oppover.



Etter ein del pust og pes oppover og oppover,
er eg på toppen av Brurastakken.
Vel verdt turen.


Her har eg tatt bilde av boreplatformane som ligg vest for Alden.
Ganske uklart, har sooma heilt inn med kameraet.

Etter tre timar var eg vel heime,
kunne nok gjort turen unna på halve tida.
Men det er mykje flott å sjå på,
og godt å ta seg tid å nyte ein slik flott dag.









onsdag 14. september 2011

Ballongkjole

Denne kjolen strikka eg ferdig i ferien,
og so har den lagt i fleire veker og venta på å få knappestolpe..
ikkje det kjekkaste eg gjer, men fort gjort når ein først set i gang.
Desverre dårlege bilder, sidan eg tok dei på kveldstid.



Mønsteret er frå boka Retromasker av Tine Solheim, og strikka i Sisu.
Men med litt forandringar.
Har ikkje strikka inn so mange perler som det skulle vere,
og har brukt av garn og fargar eg hadde liggande.
Har strikka den i str 4 år,
men ser no at eg har vore utolmodig med mønsterstrikkinga.
Skjørtet er litt kortare enn det skulle vere,
so den er kanskje ca str 3 år..
Trur eg må finne ei jente i tre års alderen,
so eg får prøve den på.
Får ikkje heilt rette inntrykket av den når kjolen heng på ein klehengar.


Her er nesten rette fargen på kjolen.





mandag 5. september 2011

Strikke, hekle, sy..

Dei siste dagane har eg vore overivrig på handarbeidsfronten.
Ikkje at eg har so mykje ferdigstilt å vise fram,
men har starta på mange forskjellige prosjekt..
Har fire forskjellige handarbeid på gang,
pluss div prosjekt med symaskina.
Her om dagen fekk eg bestilling på strikka mobiletui.
Korga med Fritidsgarn og tjukke pinnar vart henta fram,
so var det berre å senke seg ned i god
stolen.

Hugsar ikkje heilt kva farge ho ville ha,
so no strikkar eg opp eit lager so kan ho velge.
Dette er resultatet so langt..


..og det skal bli fleire, i andre fargar,
mykje garn å ta av.
Inspirert av fanamønster,
men opplegg og ideen til mobiletui er frå eige hovud.

Her er dei avbilda attmed to herlege troll
som vart kjøpt på Lom i sommar.
Og lysestakane er laga av datter og eldste sønn.
Ho hadde ideen og komando,
og han saga og bora hull til telysa.
Slike ting likar ho mor :)






Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...