torsdag 31. mai 2012

Pute

Denne puta var eg ferdig med rett etter eg blogga om dette teppet,
men har ikkje dilla meg til å sy trekk til innerpute før no..
Det som ikkje blir gjort med ein gong
har lett for å ligge på vent ei stund her hos meg.
Brukte restar etter teppet, her er eine sida.


 
Den andre sida vart blå/grøn,
sidan det ikkje var igjen nok av den andre fargen.
Dette er den fargen eg har hekla teppet ihop med.



No er settet komplett.

So får det ligge på vent til nokon ser seg nytte i det.
Artig å lage med garn som skiftar farge,
og so slepp ein mange trådar å feste :-)

Samme fine veiret her, og samme kalde nordavinden.
Men eg har ein lun krok i hagen der det er vindstille,
der kan eg nyte sola.

Takk for besøket for denne gang :-)





 


onsdag 30. mai 2012

Då får eg lage sjølv..

Laurdag hadde eg gløymt å kjøpe kvitløksbaguettar til kveldsmaten.

Denne brødforma har eg hatt liggande i årevis utan å bruke den.


Sidan eg tilfeldigvis hadde kvitløk i hus,
noko eg sjelden har,
tenkte eg at eg skulle lage brød med kvitløk i.



Laga deig, heva, kjevla ut og smurde kvitløksmør utover.
Før den vart rulla saman og lagt i forma.

Det var spennande å opne opp å sjå resultatet.


 Godt fornøgd, men var nok litt for forsiktig med kvitløken.

Skal prøve å lage vanleg spiralloff ein anna gong,
kjekt å endeleg få brødforma i bruk.

Her har vi hatt ei kjempefin pinse.
Har fortsatt sol,
men litt for mykje kald nordavind.

Men kan ikkje klage, det er vel andre landsdelar som har det verre.
Uansett veir, so ynskjer eg deg ein fin dag.






søndag 27. mai 2012

Lys idè


Var so uheldig å knekke stetten på eit rødvinsglas,
men har hatt det ståande i skapet likavel.
I vente på ein lys ide ang gjenbruk.



Fekk far i huset til å sage ein bit av ei nedsaga bjørk..



..og bora hol i den..



..og den lyse ideen vart ein ny lysestake :-)


No lyser den fint opp i stova i seine vår/sommarkveldar.
Her saman med tidlegare laga telysestakar.


Har hatt litt sølvfarga småstein i glaset so telyset står stødig.
Og sjøulken min passar på.


Har hatt nokre strålande maidagar siste veka,
håpar det varer lenge.
 
Ynskjer deg ei fin Pinsehelg.


tirsdag 15. mai 2012

Cape

Enda eit bestillingsverk ferdig og levert.
Her er nærbilde av den flotte hempa som er i halsen på bunadscapen
som er til sunnfjordbunad.






Ser grå ut i sterkt sollys.









Fòra med grønt ullstoff og passpolerte hull framme. 
Sidde ca 80 cm.

 
Ynskjer alle besøkande ei fin 17 mai.





lørdag 12. mai 2012

Bunadpose

Har sydd ein bunadpose på bestilling,
men gløymde å ta skikkeleg bilde av den før den vart levert.
Her er bilde av dei eg har laga før,
denne er lik utanom dekoren.
Desse bilda viser noko av broderiet og fargane på det.



Beklager dårleg bilde,
orginalen ser betre ut, heldigvis.

Ynskjer deg ei fin maihelg,
her her det vore opplett nesten heile dagen.






søndag 6. mai 2012

Bunadstid

Denne bunadlommen har eg berre montert.
Den pyntar opp bunaden til ein konfirmant i Florø denne helga.
Fekk den tilsendt ferdig brodert, 
utanom korsstinga rundt kanten som må syast på etter montering.




Det blir ikkje mykje bunadsaum denne sesongen,
berre ein cape, utanom denne lommen, som eg skal til på denne veka.
So skulle eg hatt ny kant nede på min eigen bunad,
men det blir ikkje på denne sida av 17 mai.

Men neste vår har eg 2-3 bunadar på bestillingslista..
Heldigvis skal dei som bestiller brodere ein del sjølv.
Er ikkje so glad i denne broderinga på svart stoff..






onsdag 2. mai 2012

Seks stykker


 Glade fargar.



I helga har eg og nokre av damene i revygruppa eg er med i,
 hatt sang og musikk kveld i kulturhuset her på øya.
Då fekk eg oppdraget å sy kvar sin topp til oss..


Det resulterte i denne modellen.
Ledig og god å ha på, og ein modell som passat alle.




Sydde seks stykker,
tre i turkis/ brun og tre i rosa/lilla.

Vi hadde ein kjempefin kveld med mykje folk i salen
og fekk gode tilbakemeldingar etterpå.

Kjekt å vere med i ei slik gruppe.
Vi har det travelt mens det står på
 men kva gjer der so lenge vi har det moro..

Takk for at du stikk innom bloggen min,
ynskjer deg ei fin maiveke.






Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...