Enda eit bestillingsverk ferdig og levert.
Her er nærbilde av den flotte hempa som er i halsen på bunadscapen
som er til sunnfjordbunad.
Ser grå ut i sterkt sollys.
Fòra med grønt ullstoff og passpolerte hull framme.
Sidde ca 80 cm.
Ynskjer alle besøkande ei fin 17 mai.
Så flink du er til å sy! Eg har ein annan type cape til min s.bunad. Den er med hette og det er broderikant på hetta. Er nok ein litt kortare modell, og ingen lommar.
SvarSlettJa, den har eg òg. Men har heller lyst på ein slik, den lunar meir når det er kaldt.
SlettKjempe fin Cape,kan godt tenkt meg cape til bunaden min og.Ho var kjempe fornøgd ho som skulle ha den.Ha ein fin 17.mai:)
SvarSlettCape kan eg fikse, berre kom med stoff :-) Kjekt når kundane er fornøgde.
SlettFlott,hastar ikkje,kan snakkast om det ein dag:)
SlettDenne var kjempefin, har berre sett heilt korte med broderi på før. Kanskje eit prosjekt til neste 17.mai. Held på med heit siste innspurten på bunaden til yngste sønnen no. Ha ein kjempe fin 17.mai!
SvarSlettDen var kjempefin, slik vil eg ha :-)
SvarSlettHa ein fin 17. mai feiring i morgon !
Kjempeflott Ann Tove!:)))
SvarSlettSå flink du er!
SvarSlettjeg har et strikka sjal til min sørtrønder.
Har vært ønskelig med noe varmere..
Ha en flott dag-
Hilsen fra Orkdal
Hei! Eg skal sy ein slik cape til barnebarnet mitt no. Er litt spent korleis det skal gå, då eg berre har ei skisse slik at eg må forstørre mønsteret. Det blir litt skummelt. Det viser heller ikkje kor på capen lommeåpningen skal vere, må vel berre sjå etter kvart? Skal innsida av kragen vere grønn eller svart?
SvarSlettHei. Dette går heilt sikkert fint. Capen eg har sydd, fekk eg ferdig klippt frå butikk. Åpningen i framstykkene laga eg etter mål frå ein ferdig bunadscape. Innsida på kragen er svart. Har ein cape liggande på vent, den er svart fòr i òg. Likte no best den med farga fòr i eg. Lykke til :-)
SvarSlettJa, rekner med eg vil få det til. Eg bur i Sunnhordaland, så det er ikkje så mangge å spørre om hjelp når det gjeld Sunnfjordbunad:). Bunaden skal gå greit, har sydd til begge døtrene mine. Capen er heilt lik den som dei bruker til Hardangerbunaden, berre den har rødt for. Så no har eg fått lånt eit mønster til å klippe etter og det ordner seg sikkert at eg får låne ein cape som eg kan ha og sjå etter, litt lettere då:).
SvarSlettJa, eg òg synest det er betre å ha noko å sjå etter. Ha ein fin dag :-)
SlettHei! Veldig fin cape. :) Kva tek du for å sy ein slik ein? :)
SvarSlett