søndag 30. januar 2011

Kunststrikk

Denne duken har eg ikkje strikka sjølv.
Men må berre få vise den fram på bloggen min likavel.


Det er mor mi som har laga denne,
på bestilling frå meg :)
Eg har lenge ønska meg ein stor duk som ho kunne strikke til meg,
og når vi endeleg fann mønster,
var det ikkje lenge før den var klar.
Trur det var ca 1600 masker før avfelling,
ikkje noko eg har hatt tolmodigheit til..


Eg var med då ho skulle stive den.
Det er ikkje hjelp i å berre stryke ein slik duk.
Det er om å gjere å ha rette blandinga til stivelse,
og mange nok isoporplater til å strekke den over.
Den er 140 x 220 cm stor,
og passar fint på spisebordet vårt.



Er den ikkje flott?
Denne skal berre vere til pynt,
Det er ikkje ein slik duk ein vaskar og stivar so ofte.



Eit lite glimt av midtpartiet.


Denne duken fekk eg av mor mi si tante,
som blir 91 år i mai.
Dette er ein av mange dukar ho har strikka og stiva,
etter ho vart 90 år.
Ho har ikkje tal på kor mange ho har laga framover åra,
trur nok det har gått nokre meter garn mellom hennar hender..
Det er ein inspirasjon i seg sjølv,
å gå rundt i huset hennar å sjå alle dei flotte dukane ho har laga.


fredag 28. januar 2011

Sunnfjordbunad og Kystdrakt

Bunadsesongen nærmar seg.
Etter forespøurnadane å dømme,
kunne eg sydd bunad kvar dag, heile året.
Men det hadde vorte for kjedeleg,
det er so mykje anna som er kjekt å lage òg.

Denne bunadlommen har eg sydd,
og den er no på vei til mottakar.
Den høyrer til Sunnfjordbunad, for dei som lurer på det.
Blir enda finare når sølvkroken blir montert på toppen :)



Denne Sunnfjord-bunaden skal eg sy ny stakk til.
Den er ganske gammal, men skal no få
pryde ein konfirmant til våren.
Broderiet er i andre fargar enn dei brukar no,
so eg har kjøpt garn som passar til orginalen.
Blir spennande..


Her er ferdig brodert stoff til Kystdrakt.
Det er ikkje eg som har brodert.
Denne òg er til ein konfirmant,
og det er bestemor til jenta som har brodert.
Denne skal eg sy ihop.
Skjorte, seleskjørt og sjal.
Blir moro, for slik drakt har eg ikkje sydd før.

Ha ei flott helg :)


onsdag 26. januar 2011

Skattejakt

Var ein tur på loftet hos foreldra mine,
for å finne gamle kle til neste revy vi er begynt å øve på.
Der kom eg over bla denne gamle skuffa,
med poser fulle av div garn, sløyfer,
( sikkert slike eg hadde i flettene mine som barn )
og knappar mm.


Og denne kofferten, etter mine besteforeldre,
Slik som eg lenge har ønska meg.
Skal pusse litt på den,
so blir den so flott, atte :)
Inni er den nesten som ny,
det låg gråpapir i bunn, som har beskytta mot slitasje.


Og denne lekre veska.
Den blir nok med meg på revy,
ilag med div andre kle eg fann som passar godt til slikt formål.
Ho hadde vore fin å bruke ellers òg,
men eg har som regel behov for større veske,
det er alltid so mykje eg kan få bruk for når eg skal ut av huset.

I dag skin sola, har vore på trappa med kaffikoppen.
Sat i heile 5 minutt, var nok litt kaldt enda.
Men no er det avstad på arbeid.
Ha ein flott dag.




mandag 24. januar 2011

Strikk, strikk, strikk..

Då var enda ei pc mappe levert..
denne gangen er det til ein litt større pc enn dei andre eg har strikka.
Fekk måla av pc`en den skulle passe til,
og rekna ut opplegget frå dei.




I helga begynte eg på ein genser,
( i mariusmønster... )
Dotter vår har bestilt Marius-genser, so då strikkar eg med glede ein til ho.
Ho kjem til å stå i stil med pc-mappe og iPod etui,
som ho har fått tidlegare i samme mønster :)

Og sjå den flotte korga eg har påbegynte strikkeprosjekt i..
Kom over denne på salg, og den stod der og berre ropte på meg.
Måtte jo berre kjøpe den...og litt anna.




Her er ein liten smakebit av noko eg skal vise meir av ein anna dag :)

tirsdag 18. januar 2011

Mariusmodus

Eg har strikka ei pc-mappe til i mariusmønster,
samme str som sist, til mac.
Har bestilling på ei til,
må stad å kjøpe meir garn i dag.


Yngste mann i huset fekk harddisk til jul.
Og då han spurde so fint om eg kunne strikke marius-etui til den,
kunne eg ikkje sei nei.


Den har glidelås i ein ende,
og hol til uttak til kabel i andre enden.


So eit mobiletui som var bestilt.
Det er no levert, håpar mottakaren vart fornøgd.


søndag 16. januar 2011

VM strikk mm

No har eg strikka mitt bidrag til ski VM.
Var innom Hedvigs blogg, og las at dei trengte mange slike som
blomstermansjettar til ski VM.
Eg fann fort ut at eg òg ville sende mitt bidrag.
Ringte garnbutikk i Førde og fekk legge av garn.
For so å få yngste son vår som bur der på hybel,
å kjøpe garnet til meg.
Lørdag strikka eg denne.
Med litt ferjetid til og frå arbeidet,
og nokre omg på kvelden, so var den ferdig.
Sender den i posten i morgon.

innslag frå TV2 her


Dette settet var ferdig no til helga.
Det er bestillingsstrikk, og er strikka i alpakka.
Pulsvarmarane er alligatormønsteret eg har strikka ein del av i det siste.
Og halsen er mønster frå Allers nr 1 2011,
men i andre fargar og anna garn,
alpakka som i pulsvarmarane.



Kanskje blomstermansjetten kan brukast som lue når
blomstene er visna?



fredag 14. januar 2011

På utstilling..

Inni denne kuppelen har det vore ei klokke.
Men sidan den var i ustand,
bestemte vi oss for å kvitte oss med den..

Men.. eg kan som sagt ikkje kaste noko,
so her var `rådyr gode`eller `gode råd dyre` :))

Eg demonterte klokka, men tok vare på tallskiva.
Har ein plan for den.
Og denne kuppelen kunne eg ikkje kaste.
Vurderer å spraymale den i sølvfarge..
berre sokklen, altso.


Eg har tatt vare på kosebamsen til dotter vår,
som no er 20 år og ikkje treng den lenger.

No har den fått glasshus å sitte i,
til eg finn noko anna å sette inni.



Ynskjer alle ein fin fredagskveld.


torsdag 13. januar 2011

Litt av kvart

Då har eg endeleg strikka pulsvarmere til meg sjølv.
Mønster har eg tenkt ut sjølv.
Ganske enkelt, men greit nok.
Desse har vore mykje i bruk,
varmar godt rundt handledda.


Hadde ikkje noko å strikke på ein kveld eg sat og såg på tv.
Fann ein garnrest og her er resultatet.


Eg har ikkje laga knapphull,
sidan eg strikka med tjukke pinnar,
er det berre å knappe i der ein vil..


Og eit par små vottar i Fritidsgarn.
Desse er laga på bestilling, og er i str 3 - 5 år.


tirsdag 11. januar 2011

Engler

Englebilder.
Decopage med servietter på lerret var noko eg
prøvde meg på før jul.
Artig, skal nok prøve meir på dette,
kanskje legge litt meir arbeid i det.
Unskyld dårleg bilde,
tatt med mobil i dårleg lys..


mandag 10. januar 2011

småsaum

Sit og ser gjennom bilder frå året som har gått.
Her er visst div som eg ikkje har blogga om.

Eg laga desse kleenex etuia i november til julemessa.


Fin måte å bruke restar på..


mandag 3. januar 2011

Julestrikk

Godt Nyttår til alle som er inne på bloggen min.
Og takk for hyggelege komentarar,
noko eg setter stor pris på.
Skulle nok vore flinkare sjølv,
med å komentere andre sine bloggar eg er inne på.
Må nok skjerpe meg der, ja :)
Men har liten tolmodigheit med pc for tida,
er berre innom som snarast av og til.


Det eg viser no, er slike ting som var strikka før jul,
noko er julepresangar og noko er bestilt.

På biletet øverst har eg enda eit eksemplar av alligator-pulsvarmere.
Desse strikka eg i alpakka, og sendte som julepresang til ei veninne.
Dette mønsteret var både enkelt, raskt og kjekt å strikke,
so det blir nok maaange fleire av desse i 2011 òg.
Har allerede fått bestilling på slike.


Her er tre par til...
Strikka i Viking Superwash,
og havna under juletreet som tilleggspresang
til tre flotte jenter eg er tante til.
Måtte låne nokre armar/hender her for å få alle tre på same biletet.
Datter vår stilte frivillig opp til fotografering.



Her er mobil/iphone etui.
Fekk bestilling på iphone-etui i Fanamønster.
Eg teikna mønster og strikka tre alternativ.
(dei i brunt og kvitt)
For so å strikke fleire i ønsket mønster og farge.
Eg har sydd ein stor patentknapp i som lukning.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...