onsdag 26. januar 2011

Skattejakt

Var ein tur på loftet hos foreldra mine,
for å finne gamle kle til neste revy vi er begynt å øve på.
Der kom eg over bla denne gamle skuffa,
med poser fulle av div garn, sløyfer,
( sikkert slike eg hadde i flettene mine som barn )
og knappar mm.


Og denne kofferten, etter mine besteforeldre,
Slik som eg lenge har ønska meg.
Skal pusse litt på den,
so blir den so flott, atte :)
Inni er den nesten som ny,
det låg gråpapir i bunn, som har beskytta mot slitasje.


Og denne lekre veska.
Den blir nok med meg på revy,
ilag med div andre kle eg fann som passar godt til slikt formål.
Ho hadde vore fin å bruke ellers òg,
men eg har som regel behov for større veske,
det er alltid so mykje eg kan få bruk for når eg skal ut av huset.

I dag skin sola, har vore på trappa med kaffikoppen.
Sat i heile 5 minutt, var nok litt kaldt enda.
Men no er det avstad på arbeid.
Ha ein flott dag.




4 kommentarer:

  1. Utruleg fin den kofferten! Skulle så gjerne ha vore me på skattejakta. Men det fist vel fleire moglegheiter framøve :)

    SvarSlett
  2. Du har jo funnet skatter der oppe! Har selv en slik koffert, men jeg vasket den bare.
    Ha en fin dag og klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Så flotte skattar du har funne!!!

    Kofferten er eit funn og har mange bruksområde;o)

    Ha gode dagar!

    Solklem

    SvarSlett
  4. Så gøy!
    Og er det ikke rart hvordan man plutselig ser ting som man ikke så for noen år siden.
    Lykke til med revy, det høres morsomt ut!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...