fredag 28. januar 2011

Sunnfjordbunad og Kystdrakt

Bunadsesongen nærmar seg.
Etter forespøurnadane å dømme,
kunne eg sydd bunad kvar dag, heile året.
Men det hadde vorte for kjedeleg,
det er so mykje anna som er kjekt å lage òg.

Denne bunadlommen har eg sydd,
og den er no på vei til mottakar.
Den høyrer til Sunnfjordbunad, for dei som lurer på det.
Blir enda finare når sølvkroken blir montert på toppen :)



Denne Sunnfjord-bunaden skal eg sy ny stakk til.
Den er ganske gammal, men skal no få
pryde ein konfirmant til våren.
Broderiet er i andre fargar enn dei brukar no,
so eg har kjøpt garn som passar til orginalen.
Blir spennande..


Her er ferdig brodert stoff til Kystdrakt.
Det er ikkje eg som har brodert.
Denne òg er til ein konfirmant,
og det er bestemor til jenta som har brodert.
Denne skal eg sy ihop.
Skjorte, seleskjørt og sjal.
Blir moro, for slik drakt har eg ikkje sydd før.

Ha ei flott helg :)


4 kommentarer:

  1. Å eg som har berre ein blå sunnfjordbunad eg skal sy om...... Eg har utsett det ei god stund..... Men har bestemt at februar er min bunadsmånad......;o) Ja, ja eg blir no matt når eg les alle du skal gje deg i kast med.....

    God helg!!

    SvarSlett
  2. Så flink du er med sying! Bunadssaum er vel ikkje det enklaste akkurat.
    Har grøn sunnfj.bunad som er 12 år gammal, men brukar den mindre og mindre. Har vurdert å selge den, for eg trivst liksom ikkje i bunad...

    SvarSlett
  3. Er imponert over at du gir deg i kast med bunader. Det hadde eg ikkje vågd, du er kjempeflink Ann Tove. Gleder meg til å sjå Kystdrakta, den likar eg så godt.

    Fin helg til deg.

    SvarSlett
  4. Så gøy. Et flott arbeid å gjøre slikt tradsjonsbroderi, og nesten som et lite detektivoppdrag dette med nytt garn, nye farger.
    Her nord i mitt fylke bruker vi nordlandsbunda, og min mor har brodert bunadene til hele slekta. Det er ingen stor tradisjon at mennene har bunad her, men det er likevel en flott herrebunad. Er det tradisjon med bunad for menn hos dere?

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...