mandag 24. januar 2011

Strikk, strikk, strikk..

Då var enda ei pc mappe levert..
denne gangen er det til ein litt større pc enn dei andre eg har strikka.
Fekk måla av pc`en den skulle passe til,
og rekna ut opplegget frå dei.




I helga begynte eg på ein genser,
( i mariusmønster... )
Dotter vår har bestilt Marius-genser, so då strikkar eg med glede ein til ho.
Ho kjem til å stå i stil med pc-mappe og iPod etui,
som ho har fått tidlegare i samme mønster :)

Og sjå den flotte korga eg har påbegynte strikkeprosjekt i..
Kom over denne på salg, og den stod der og berre ropte på meg.
Måtte jo berre kjøpe den...og litt anna.




Her er ein liten smakebit av noko eg skal vise meir av ein anna dag :)

8 kommentarer:

  1. Eg har lånt det øverste bildet ditt, og linkar til deg i eit innlegg i bloggen min. Håper det er ok!? Synest desse mappene er så stilige at fleire må få sjå dei:)
    Ha ei flott veke!

    SvarSlett
  2. Kjempefin pc-mappe i et flott tradisjonsmønster!
    Kurva var kjempefin, og her trenger jeg også plass til alt som er underveis:O)
    Ha ei fin uke, klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Kjempefin PC-mappe. Eg har strikka og tova i sæterdalsmønster, men ikkje montert. Så flott kurv. Kjekt å ha.
    Ha ei fin strikkeveke!!

    SvarSlett
  4. Desse pc mappene dine er utruleg stilige.
    Klart du måtte ha korga, den er perfekt for handarbeid
    .....det stod vel Ann-Tove på den...:-)

    SvarSlett
  5. Endå ei stilig PC-mappe :)

    SvarSlett
  6. Knallflotte pc-mapper!! Har du fôra dei? Trur eg må strikke nokre slike til litt tante og onkel barn.:)

    SvarSlett
  7. De pc mappene er så fine ♥ har kjøpt inn garn, men får aldri tid til å begynne :/ Ender alltid opp med og sette meg og scrappe i stede :P

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...