Viser innlegg med etiketten isskrapevott. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten isskrapevott. Vis alle innlegg

lørdag 19. januar 2013

Tova strikk


På tampen av fjoråret blei det strikka ein del isskrapevottar på bestilling.
Denne med pelskant..




..Og fleire som eg har oppdaga i ettertid at eg ikkje tok bilder av før eg leverte dei.
Dei andre var " herremodellar" utan pelskant.





Tidlegare på hausten vart denne karen strikka og tova.
Den vart liggande lenge utan skjegg, pipe og auge,
eg har lett for å la slik montering bli liggande om det ikkje blir gjort med ein gong..





Ein maritim form for vinflaskeskjular
( eller anna flaske for den del..)






mandag 4. juni 2012

Jada jada..

..Eg veit det er feil årstid til slik produksjon.
Håpar det blir månadar før vi treng slike.
Men godt å vere forberedt.




Har bestilling på to stykker, so då laga eg likegodt fire
so mottakar kan velge. Godt det som er gjort.

Har brukt restar av pelsgarn, trollgarn og fritidsgarn.
Raskt og greit å strikke på, og artig å sjå forandringa etter dei er tova.


Har ellers spennande ting fore i syrommet/brakka mi.
Den som følger med får sjå...
 




mandag 1. mars 2010

Isskrapevottar

Har strikka og tova nokre isskrapevottar.
Skulle vore produsert litt tidlegare på vinteren,
har hatt god bruk for desse då.
Men da kan enda komme meir snø,
eller so får dei ligge til neste vinter.

Har brukt av garnlageret mitt denne gangen og.
Strikka i Trysil garn, og div pelsgarn.

På turen i Oslo greidde eg å la vere å kjøpe garn,
men eit par meter stoff vart med heimover.
Ganske kry av meg sjølv der ;)
Skal heller prøve å bruke meir frå garn og stoff lageret mitt,
til alle prosjekta eg har planar om.


Ha ei flott veke :)



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...