søndag 31. mars 2013

Kvikklunsj og fjellturar


Kvikk lunsj luer kvikkar opp no når det vårast.
Ikkje minsk kjekt å strikke i slike herlege fargar.
Ei vart gitt som basargevinst,
og dei andre har eg og min kjære brukt i påska.




To av desse er av samme mønster som første bilde
og som eg har funne her.

Den tredje små til venstre har eg laga mønster til sjølv.
Då den skulle vere ca str 2 år, måtte mønsteret forminskast.



Prøver å gå ein liten fjelltur kvar dag,
gjer godt når ein har slik ein stillesittande hobby som handarbeid er :)

Dette er noko av utsikta på min daglege tur,
Alden ytterst i Vilnesfjorden ligg og kosar seg i solnedgang.



I Påska har eg besteget andre fjelltoppar på Øya eg bur.
Her er eg på Hovden, med utsikt ned til Herland der eg bur,
og vidare Tviberg og Alden vestover.
Herleg å stå å sjå utover der himmel og hav møtast,
og  plattformer som små prikkar ytterst i horisonten.



Her ei Påskehelsing frå Skålefjellet.
Håper alle har hatt og fortsatt får ei kjempefin påske.




4 kommentarer:

  1. Artige huer!
    Godt å komme seg opp i fjellet, ja:) Her inne er det framleis snø og is , men hardt og fint å gå på beina. Har endeleg investert i skikkelege broddar også. Håpar sola er tilbake i måra...
    Fortsatt god påske!

    SvarSlett
  2. Fine naturbilder fra et vakkert sted :)

    SvarSlett
  3. Ja. de luene er artige. Og nå kom jeg på at jeg har en Kvikk Lunsj i kjøkkenskuffa....
    Ellen :)

    SvarSlett
  4. Friske og vårlige luer. Fikk nesten lyst på kvikk-lunsj.... Men det har jeg dessverre ikke.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...