søndag 30. desember 2012

Fungerer foreløpig som julekortoppheng.


For over eit år sidan kom datter vår heim med denne.
Etter langt om lenge har eg endeleg fått den ferdigstilt slik eg har hatt planar om,
og hengt den på kjøkkenveggen.
Sidan det er jul, har eg pynta den med røde lysande julekuler/lys.
 



Før jul fekk eg god hjelp av min dyktige pappa,
 som strekte hønsenetting på glassramma etter mine forklaringar om korleis eg hadde tenkt det.
For øyeblikket fungerer den som julekortoppheng,
men kan dekorerast forskjellig etter årstid og humør :)



Det var litt grubling om korleis den skulle hengast opp..
Det måtte vere nokonlunde i samme stil som ramma.
Men pappa visste råd, eg fekk to litt rusta og godt brukte kveitekrokar,
som passa perfekt som oppheng.
Brukte til og med tauet som hang på krokane.





Som lysestake i jula, har eg tatt fram ein juletrefot frå min kjære mann sin barndom.
Lyset er skrudd fast og pynta rundt med kristtorn.
Duken som ligg på bordet er ein etter mi bestemor,
det er eit stykke stoff som ho har hekla blonde rundt.

På denne nest siste dagen av året, ynskjer eg deg ei fortsatt god jul 
og alle gode tankar for året som kjem.
Takkar for besøk og komentarar i bloggen min,
og kompliment av dåke som eg møter i det daglege.
Det gleder og inspirerer meg.





6 kommentarer:

  1. Så utruleg stlig! Takk for kommentar på gensaren! Den er hamna på Atløyne. ;)

    SvarSlett
  2. Kreativt og mange smarte løysinga,Ann-Tove:)

    SvarSlett
  3. Kjempefin "oppslagstavle". har ei gamal gardin i samme stoff som duken din ,kanskje eg skal lage noko av den til neste jul. Ønsker deg og dine eit godt nyttår!

    SvarSlett
  4. Artig innslag på kjøkkenet! Kjekt å ha ein kreativ og nevenyttig far:)

    SvarSlett
  5. Kult julekortoppheng! Selv har vi en rød pelstråd hengende i trappegelenderet.

    Jeg har brukt staver i pleddet mitt. En rad med staver tett og en rad med staver der jeg tar en lm mellom stavene. Jeg skal se om jeg kan få skrevet ned mønsterrapporten.

    SvarSlett
  6. Morsomt og kreativt både opphenget og lysestaken. :o)
    Jeg gleder meg til å følge deg videre i 2013!
    Jeg ønsker deg et kreativt og godt nytt år! :o)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...