Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

onsdag 29. oktober 2014

Omsaum

Har hatt denne tunikaen liggande ei god stund. 
Den var i største laget, men eg likte godt fargane og stoffet.



Klipte den opp, og la nytt mønster på delane.
Og med nokre bitar blått stoff frå ein gammal topp,
blei resultatet denne gensaren.



Det blå stoffet er det glitter i,
friskar opp ein ellers grå genser.



Kjekt å sy omigjen :-)



onsdag 7. mai 2014

Islender med raglanfelling


Eit tidløst mønster..


I vinter strikka eg denne genseren/islenderen.
So kry når eg har strikka av garn frå mitt store lager :-)
Det oransje er opprekkgarn frå ei jakke eg ikkje var heilt fornøgd med.
Det kvite, og det oransje, er Rubin frå Spar Kjøp.



Begynte på eit islendermønster.
 Men når eg kom oppover bolen, fekk eg lyst å prøve å strikke raglan i stadenfor.
 Kjekt å sleppe å sy og klippe opp, for so å sy på ermer og strikke hals. 
Dette ga meirsmak, vips so var det berre å legge til rundt halsen og feste trådenden:-)

Gensaren er str 6 år, og blei gitt som gevinst på redningsbasaren vår Palmesøndag.

Ligg på etterskudd når det gjeld blogging, dagane er for korte for min del :-)
Men det er igrunn eit luksusproblem.
Skal vere glad ein kan og er god til å gjere/lage det ein vil.

Takk for besøket, ynskjer deg ein fin dag vidare :-)


onsdag 27. november 2013

Genser

Etter ynskje frå yngsteguten vår (snart 20 år), har eg strikka denne gensaren.
Han hadde funne mønster her, so eg kjøpte mønster og håpa på det beste.
For første gong har eg strikka etter engelsk mønster,
men det var enklare enn eg hadde trudd.
Kjøpte anna garn enn det som akulle vere.
Brukte Puno frå Rauma, eit drygt og lett garn.
Genseren veg ikkje meir enn 366 gram, 
og det er ikkje mykje for å vere ein voksen str.


Her er bilde av ryggen.
Gensaren blei bra den, kjekk å strikke med mykje telling. Ikkje ein omg var lik.
 Men den var desverre ikkje heilt passeleg :-(
Det var berre ein str i mønsteret, og eg strikka den i håp om at den skulle passe.
Var ikkje enkelt å forandre lengd og vidde undervegs.

Men no skal eg sette meg ned å prøve å forstørre mønsteret litt.
For gensar som passa skal han få, om det tek litt ekstra tid å vente på den..




fredag 6. september 2013

Eventyrstrikk

- Er ei flott strikkebok å drøyme seg vekk i.
Her er mange flotte mønster,
 skulle ynskje eg hadde strikka kjempefort so eg hadde fått prøvd ut fleire av mønstera.
Men det er berre å innsjå, ein rekk ikkje over alt.
..Men det er lov å drøyme..




Dotter vår kom med ynskje for denne genseren.
Og då er ikkje mor vanskeleg å be :-)
I vår blei garn innkjøpt, og eg la opp masker med godt mot.
Alltid kjekt å begynne på noko nytt.





Strikka jevnt og trutt innimellom andre småarbeid eg har på gang.
Gjekk litt lei i sommar då eg måtte til å strikke fam og tilbake på ermetoppen.
Det er ikkje moro med slikt mønster i tillegg.




Men skulestart nærma seg, og jenta skulle til Bergen igjen for to nye år på skule.
Og då var det berre å sette seg ned å bli ferdig med prosjektet.




Genserern blei ferdig til bursdagen hannar i august,
den passa bra og falt i smak hos mottakar.



Garnet skulle vere Mirasol  fra Du Store Alpakka,
men eg brukte Mitu Rauma garn, 50% alpakka og 50% ull.
Eit lett og herleg garn som eg heilt sikkert kjem til å strikke meir av.

No gjenstår det berre å strikke hua i samme mønster,
Den er snart på pinnane og forhåpentlegvis ferdig før høsten set inn for fullt.





tirsdag 1. mars 2011

Genser

Har strikka Mariusgenser til dotter vår,
den er strikka i Viking Superwash.


Den er no sendt til ho so ho får ta den i bruk.
Håper det blir fint veir i Bergen by,
so ho får bruke den framover.
Men den er no god å ha under regnjakka òg.



onsdag 29. desember 2010

Førjulspresang til far i huset.

So har endeleg far i huset fått gensaren sin.
Vart ferdig med den i midten av desember,
som du sikkert ser, sidan berre to av adventslysa er brukt.
Dei har eg foresten dekorert sjølv.

Har ikkje fått blogga i det siste,
det har vore so mykje anna å styre med no før jul.
Eg har strikka litt dei siste vekene, og teke bilete,
so no gjenstår det berre å få det ut på bloggen.



Eg har strikka på denne framover hausten.
Det vart litt kjedeleg,
sidan det berre er glattstrikk nesten heile bolen.


Eg vart ganske fornøgd med resultatet,
det samme vart mottakaren.

Neste prosjekt er mariusgenser til dotter vår.
Skal kjøpe garn til den ein av dagane,
det er godt med strikkagenser no når det er kaldt og flott vinterveir.


onsdag 10. november 2010

Snart julemesse

Det nærmar seg julemesse,
og då er det kjekt å lage opp mest muleg til den.
Har sydd desse anorakk/genserane i fleece.
Størrelse 4 og 6 år.
Hetta er fora med lilla jersey,
og so har eg kanta med skråband i samme farge.


Ganske enkle plagg,
men stoffet er so fint i seg sjølv at det trengs ikkje mange detaljar.


Desse to luene er i samme stoff,
i str 1-2 og 3-4 år.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...