fredag 6. september 2013

Eventyrstrikk

- Er ei flott strikkebok å drøyme seg vekk i.
Her er mange flotte mønster,
 skulle ynskje eg hadde strikka kjempefort so eg hadde fått prøvd ut fleire av mønstera.
Men det er berre å innsjå, ein rekk ikkje over alt.
..Men det er lov å drøyme..




Dotter vår kom med ynskje for denne genseren.
Og då er ikkje mor vanskeleg å be :-)
I vår blei garn innkjøpt, og eg la opp masker med godt mot.
Alltid kjekt å begynne på noko nytt.





Strikka jevnt og trutt innimellom andre småarbeid eg har på gang.
Gjekk litt lei i sommar då eg måtte til å strikke fam og tilbake på ermetoppen.
Det er ikkje moro med slikt mønster i tillegg.




Men skulestart nærma seg, og jenta skulle til Bergen igjen for to nye år på skule.
Og då var det berre å sette seg ned å bli ferdig med prosjektet.




Genserern blei ferdig til bursdagen hannar i august,
den passa bra og falt i smak hos mottakar.



Garnet skulle vere Mirasol  fra Du Store Alpakka,
men eg brukte Mitu Rauma garn, 50% alpakka og 50% ull.
Eit lett og herleg garn som eg heilt sikkert kjem til å strikke meir av.

No gjenstår det berre å strikke hua i samme mønster,
Den er snart på pinnane og forhåpentlegvis ferdig før høsten set inn for fullt.





7 kommentarer:

  1. Utrolig fin genser!! Og alltid imponert når mønsteret på ermene stemmer så utrolig bra med mønsteret på bolen etter montering! Blir fin utover høsten denne!!

    SvarSlett
  2. Kjempefin gensar.
    Klart denne fall i smak :-)

    SvarSlett
  3. Heilt super - gledar meg til å sjå resultat av neste oppskrift :-))

    SvarSlett
  4. Så flott den genseren blei:)) eg fekk den boka til jul men har ikkje fått strikka noko frå den enno:)) men ein gang....

    SvarSlett
  5. Nydelig genser du har strikket.

    SvarSlett
  6. WOW, for en JOBB, -og så FIN den ble!!!
    Kan tenke meg at den er mye i bruk!!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...