fredag 13. juni 2014

Bilstrikk




I fjor haust skulle eg og kallen på biltur nokre dagar.
Det første eg tenkjer på når eg skal på tur er kva handarbeid eg skal ta med..
Måtte ha noko som eg kunne strikke på og samtidig nyte alt det flotte rundt oss når vi kjøyrer langs vegane.


Då valgte eg å legge opp eit teppe eg har tenkt på ei stund.
Hadde ein pose garn eg hadde arva ei tid tilbake,
valgte fargar, merkte nøster med nummer og fann fram rundstrikkepinne.
So var det klart 
:-)

La opp tre masker i blått, auka ei maske ( med eit kast)
 på kvar side av midtmaska på annankvar omg.
Skifta farge og mønster etterkvart nøsta var oppstrikka.
Enda opp med fleire hundre ( hugsar ikkje talet) masker på pinnen før avfelling.
 

Ikkje før på vårparten i år var teppet ferdig.
Gjekk lei innimellom, og då måtte eg ta fram andre prosjekt ei stund.
Ferdig måler teppet 160 cm x 160 cm, og veg 496 gr.

Det vart gitt som gevinst til basaren, som foreninga eg er med i, 
held kvart år for redningsselskapet.


Har enda nesten like mykje garn igjen som det eg brukte ttil teppet.


Garnet er mjukt og lett.
Heiter SILKE-TWEED
52 % silke og 48 % lammull


Planen er å strikke eit til.
 Men då kanskje begynne i midten og auke i fire hjørner utover.


Med 438 gram skal vel neste teppe bli nesten like stort som det eg har vist her :-)

Takk for at du såg innom, og ha ein fortsatt fin dag.



2 kommentarer:

  1. Kjempeflott teppe du har laga, ein flott gevinst. Det er kjekt å strikke når ein er ute på tur, ha ei fin helg du også!

    SvarSlett
  2. Har beundra ditt vakre arbeid, Ann Tove :-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...