søndag 13. desember 2009

3 søndag i advent.

Har ikkje noko handarbeide å vise fram.
Men var ute i går og pusla litt med kvistar ol.
Eit hjarte på døra av 4 kvistar sibirkornell...

...Ein krans av lerke- kvistar..
...og ei sinkbøtte fylt med tuja-, fure- og mispel-greiner,
med ei lita rød lykt oppi.
Vart meir julestemning på tunet i går kveld,
når lyset var tent i lykta.


Har ein kjempefin amaryllis i stoveglaset.
Veit ikkje om den blomstrar helt fram til jul,
men kjekt med fine blomster før jul òg.
Yngstemann i huset og pus poserer utanfor :)

fredag 4. desember 2009

Småplukk

Har hekla øyredobbar, små oldemor-ruter.
Ca 2,5 x 2,5 cm.
Hengde på to grå perler, for å få litt tyngde på dei.



Her er ei julegruppe eg har laga.
Kjøpte lecakuler, sviblar, eføy og ei lita sypress
( trur de er det den heiter)
Og plasserte dei i eit stort keramikk vaskefat,
som eg har kjøpt på bruktbutikk.
Gir god lukt i stova når sviblane sprett ut.


tirsdag 1. desember 2009

Julebakst og nysnø

I går starta eg dagen med å lage julebrød,
mens første snøfnugga dala ned utanfor kjøkkenglaset...

Etterfulgt av ein sol og vindstille formiddag.
Då freista det med å kle på seg og gå ut på tur.


Då vi passerte julegrana i bygda, begynte det å snøe igjen.
Ho blir ekstra fin med snø på, synest eg:)


Bilete tatt frå moloen.

Etter endt spasertur var det kvitt overalt.


I dag har eg laga serinakaker og peanøttkjeks.

I kveld skal eg til mor mi, og lage sylteflesk og krumkaker.
Da blir kos :)

Kjekt du ser innom bloggen min.
Blir kjempeglad hvis du skriv nokre ord,
har du ikkje blogg-konto sjølv, kan du skrive i gjesteboka på høgre sida.

Ha ein flott første desember.

lørdag 28. november 2009

Litt strikking.

Merker at det nærmar seg jul,
kjem plutseleg på so mykje som skulle vore gjort..
Har no fått gjort ein del, og tek de ganske roleg.
Julegardinene er komt opp på kjøkkenet,
og i morgon skal adventstjerna hengast opp.
Skal snart til å bake litt småkaker og julebrød,
då blir det julestemning i huset.
Ellers har eg fått strikka litt :
vottar, frå Familiens Juleideer.
Og to par minivottar i samme farge.
Garn: sisu, lilla og svart.


Ein dag prøvde eg meg på å lage pakkelappar.
Men det vart ikkje store resultatet.
Synest det er kjekkare å vere fleire ilag,
når ein skal sitte med slikt arbeid.


So to par til av desse mini vottane.
Då er bestillingane av dei i boks.

Desverre dårleg kvalitet på bilda,
har tatt dei i lampelys, med mobil.
Hadde vore kjekt med eit skikkeleg kamera,
men det får vi ta etterkvart.

I morgon skal vi tenne julegrana her i bygda.
Då kjem koret og syng til oss, mens lysa blir tent på grana.
Etterpå skal vi samlast i grendahuset til førjulskos,
med sang, kakao og mat.
Og so har eg høyrt at nissen kanskje kjem på besøk..

Ynskjer alle ei fin første advent helg.

onsdag 18. november 2009

Vottar

I går kveld strikka eg TO par vottar,
men eg seier ikkje kva størrelse :))

Etter at eg var spurd tidlegare på dagen,
om eg strikka slike små vottar,
( noko som eg aldri har gjort)
Fekk eg dei ikkje ut av tankane.
Leitte litt på nettet, før eg fann eit bilde,
som eg kunne teikne mønster av.
So var det berre å sette i gang.
Hadde igrunn tenkt å gjere litt forefallande arbeid i huset....
men vart sittande å kose meg med å strikke vottar i stadenfor :)

Har strikka nesten eit par til, på ferja til og frå arbeid, og i pausen.
Dette var moro :)

Garn: baby ull
Pinne nr 2

mandag 16. november 2009

Varmande tilbehør

I helga har eg strikka baktusskjerf og pulsvarmere.
I samme garn som den grå lua eg strikka til dotter mi,
tidlegare i høst.
Alfa frå Sandnesgarn.
Er nok på veg med posten til Oslo,
( til ei forkjøla jente ) i løpet av dagen.


So har eg sydd denne kjeledressen/bamsedressen.
Str 74-80. Mønster frå eit Burdablad frå 1990.
Eg har litt teddystoff liggande, og fekk lyst å sy denne.
Sydde ein slik rosa til dotter mi då ho var baby,
og brukte den mykje.



Ingenting som strammar, mjuk og god.
Har fora den med vindtett stoff.
Hadde ein liten prins i tankane, når eg laga den...

Her er sol, 10 grader og fint høstveir.

Ha ein flott mandag.

søndag 15. november 2009

Labbar

Strikkalabbar er det alltid nokon som treng.

Garn: Viking Sportsragg, fargen er meir lilla enn bildet viser.
Eige mønster, utanom flettene framme på brotet,
som er frå Alt om Håndarbeide nr 1, 09.

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...