lørdag 28. november 2009

Litt strikking.

Merker at det nærmar seg jul,
kjem plutseleg på so mykje som skulle vore gjort..
Har no fått gjort ein del, og tek de ganske roleg.
Julegardinene er komt opp på kjøkkenet,
og i morgon skal adventstjerna hengast opp.
Skal snart til å bake litt småkaker og julebrød,
då blir det julestemning i huset.
Ellers har eg fått strikka litt :
vottar, frå Familiens Juleideer.
Og to par minivottar i samme farge.
Garn: sisu, lilla og svart.


Ein dag prøvde eg meg på å lage pakkelappar.
Men det vart ikkje store resultatet.
Synest det er kjekkare å vere fleire ilag,
når ein skal sitte med slikt arbeid.


So to par til av desse mini vottane.
Då er bestillingane av dei i boks.

Desverre dårleg kvalitet på bilda,
har tatt dei i lampelys, med mobil.
Hadde vore kjekt med eit skikkeleg kamera,
men det får vi ta etterkvart.

I morgon skal vi tenne julegrana her i bygda.
Då kjem koret og syng til oss, mens lysa blir tent på grana.
Etterpå skal vi samlast i grendahuset til førjulskos,
med sang, kakao og mat.
Og so har eg høyrt at nissen kanskje kjem på besøk..

Ynskjer alle ei fin første advent helg.

3 kommentarer:

  1. Nå er adventstaken tent i huset mitt også, og smultringene bakt. Så da er vi igang..Fine adventsvotter du har strikka, og du har blitt en reser på minivotter ;-)

    SvarSlett
  2. Gode, varme og ikkje minst fiiiine vottar du har laga. Fin søndag til deg.

    SvarSlett
  3. Flotte vottar i lekre fargar.
    Julegrantenning her og, musikklaget spelar, lurer på om ikkje nissen skulle komme og ;)
    Ha ein fin 1.søndag i advent.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...