mandag 30. august 2010

Brakka mi :)

Ops..det har gått over ein månad sidan eg har blogga...
Det har vore ein travel månad,
der data og blogging har har vorte utsatt gong på gong.

Men no vil eg vise kva eg har fått :)
Denne brakka hadde pappa ståande til inga nytte.

Den har berre stått der og samla rot og skrot.

I vinter har han tømt den for alt inventar...


...skifta og flytta vindauge og dør,
og sett på ny bordkledning.


I juni slepa han den ti kilometer heim til meg.
Vi kjøyrde kortesje, ein bil framfor og ein bak.
For å passe på om det kom bilar mot eller etter.


Her blir den satt på plass.
Eg var klar til å starte ferien min med å klargjere brakka inni.

Har mala vegger og tak kvitt,
og lagt ned nytt golvbelegg.


Har ikkje fått innlagt strøm enda,
men har ein skøyteledning so eg får sy litt mens eg ventar.

Har fått flytta inn noko av alt eg har hatt liggande rundtom i huset.
Eit stort klippebord som pappa har laga til meg.
Det er 210 x 140 cm,
og passe høgt so eg slepp å bøye ryggen når eg står attmed det.
Det tek litt mykje plass,
men ein viktig til å ha når eg skal til med vinterens bunadsaum.


I den andre enden skal eg ha alle tinga eg lagar,
som eg ikkje gjer vekk eller brukar sjølv,
kanskje nokon stikk innom og vil kjøpe..

Skal skru opp hyller ol.
men må vente med det til brakka er komt skikkeleg på plass.
Pappa skal komme med gravemaskin å planere ,
so vi kan flytte brakka av hjula og ned på fast grunn.

Skal komme med fleire bilder når alt er klart,
til då kooosar eg meg i syrommet(brakka) so lenge :)

So har eg mykje å ta igjen å sjå på alle bloggane eg følger,
lenge sidan eg har vore på bloggrunde no :)

12 kommentarer:

  1. Kjekt å sjå innlegg frå deg att. Og ein flott arbeidsplass du har fått deg, snille pappa du har. Ønske deg ei flott veke.

    SvarSlett
  2. Gjøssss..... Det er ikkje til å tru. Ditt eige aktivitetshus. Drøymeslott. Ein plass der kreativiten kan blomstre og aldri bli pakka vekk. Må berre sei eg vart litt misunnelig.
    Gle meg allereie til neste innlegg.

    Ynskjer deg fine dagar i nybua:)

    SvarSlett
  3. Gratulerer!! Det er fleire som blir misunneleg....;o)
    Kos deg og nyt kvar ei stund i det nye flotte syrommet ditt!!

    Solkelem

    SvarSlett
  4. Grattis med nytt hobbyhus, det må vera topp!! Jammen har du ein snill pappa, lykke til.

    SvarSlett
  5. Mobilt syhus, - det kan ein like! - Klippebordet høyrest ut som ein draum!

    SvarSlett
  6. So flott å ha sitt eige hus......der kan du riktig kose deg med hobbyane dine....

    SvarSlett
  7. Så flott systove du har fått deg,Ann Tove. Snille pappa'n som har fiksa den oppatt.
    Her kan du verkeleg kose deg.
    Eg skal følge med å sjå kor det går med hyller og resten av innflyttninga :-)

    Ha ei flott veke.

    SvarSlett
  8. Drømmen av en systue du har fått. Må si jeg er imponert over hele prosessen med å flytte den, og få det hele på plass. Morro:)

    SvarSlett
  9. Du verden så flott syrom du har fått. Det er kjekt å ha ein plass å jobbe, der tinga kan ligge medan ei jobbar med dei. Gratulerer.

    SvarSlett
  10. Lykke til med den nye systova di.Her kan du boltre deg med alle dei gode ideane dine.

    SvarSlett
  11. Et helt hus til arbeidplass. Skal si du er heldig. Bunadsøm blir det her også i vinter - håper jeg får det til.

    SvarSlett
  12. Å så flott du har fått det.
    Her får du nok mange fine kosestunder.
    Godt å ha fedre som kan stille opp og hjelpe.
    Ønsker deg en fin helg og takk for besøk ibloggen min.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...