onsdag 1. desember 2010

Flatbrød

Mandag hadde eg og mamma flatbrødbakedag.


Ho kom til meg medbrakt kjevle og steiketakke.
Eg har ikkje gjort dette før,
berre fått ferdige flatbrød som ho har laga heime.
So dette var ein lærerik og koseleg dag.


Eg fekk prøve meg på kjevling og steiking.
Fann fort ut at det ser enklare ut enn det er..
Vi steikte på to takker,
då gjekk det fortare unna.


Resultatet vart nesten 30 flatbrød,
som eg har lagra på boden,
klare til jul.

I morgon blir ho med meg heim etter eg er ferdig på arbeid,
då skal vi lage kaffiløpser, eller halvbaking som vi kallar det.


6 kommentarer:

  1. So kjekt med baking.
    Det er ein ting eg har angra veldig på....at eg ikkje lærde å bake både flatbrød og lefser av mor mi.Ho var kjempeflink å bake.....noko alle i familien fekk glede av. No er ho borte, og eg kan berre angre. Kan sjølvsagt gå på kurs, men.........

    SvarSlett
  2. mmmm heimebaka flatbrød og løpse/lefse er godt!!!
    Mamma ha hatt meg i lære, men eg har ikkje baka på eigahand, endå....

    Eldste bakte løpse på skulen og lurte på "kvifor vi ikkje har gjort det, for det var no så enkelt".... så det spørs om det ikkje blir løpser her i huset framover;o)

    SvarSlett
  3. Så flink du er! Alltid godt med heimelaga - ikkje at eg har baka verken flatbrød eller løpser, altså. Kjøper gjerne litt på bua av og til og på julemessa.
    Likar godt mørlefsene med smørkrem eller potetkaker med eit tynt lag kling. Sunnfjordlefsene har ofte for mykje kling, og så er dei best mens dei framleis er litt frosne.
    No får eg ta og sette ei brøddeig.
    Ha ein fin dag:)

    SvarSlett
  4. Alltid kjekt å gjere ting ilag. Har lært lefse- og flatbrødbaking av svigermor og det er godt å bringe kunnskapane vidare. I år har eg fått flatbrød i presang av ein kjenning og er svært takknæmlig for det. Du må fortelle oss kva kaffilefser er.
    Ha ei god førjulstid og lykke til med bakinga!

    SvarSlett
  5. Så kjekt!! Kjekt å kunne lære slike kunstar.

    SvarSlett
  6. Hei.Så koselig å møtes å bake.Hjembaket flatbrød.Nam,nam.Ikke enkelt å lage synes jeg.Prøvde når jeg gikk på husmorskole.Synes det skulle være så tynt skjevlet ut.Øvelse gjør mester.Dere er kjempe flinke.Ønsker deg en riktig fin førjulshelg.Klem fra Bodil.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...