torsdag 5. mai 2011

Hekla gevinstar

Vart inspirert av Tovepia, og ville prøve å lage slike sett eg òg.
Dei vart ikkje so fine som hennar,
men eg vart sopass fornøgd
at eg kunne gje dei som gevinst på basaren eg skreiv om i forige innlegg.
Her er ein liten del av det eg gav som gevinst.


Måtte lage eit sett i påskefargar òg.


Garnpakke til desse har lagt i "tølene" mine leenge.
Sidan eg no prøver å bruke av det eg har,
i staden for å kjøpe nytt heile tida,
hekla eg desse som òg havna på gevinstbordet.
Mønster er frå boka HEKLING I SOMMERSOL,
med litt forandringar.
Garn: Hubro frå Dalegarn og pinne nr 8.

Har ikkje vore flink å besøke andre bloggar i det siste.
Har prioritert å bruke den tida som går til datasurfing,
til å gå turar i fjellet heromkring.
Treng litt mosjom
etter ein stillesittande vinter og vår med bunadsaum ol.
Men skal nok ta meg ei bloggrunde om ikkje so lenge.
Takker for alle fine komentarar på innlegga mine,
det er alltid like koseleg.




3 kommentarer:

  1. Alltid like kjekt å sjå innom din blogg, Ann Tove:)
    Ser at zaloflaska her pynta seg til helga:))
    Nyt helga, fjellturane og det fine været!!(håpar på litt meir varme)

    SvarSlett
  2. Så artig at du lot deg inspirere, og det ble et kjempeflott kjøkkensett! Takk for at du linket, det setter jeg pris på, for jeg tror det er min ide dette..har i hvertfall ikke funnet den et annet sted:O)
    Ha ei fin helg, klemmer fra meg;)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...