onsdag 29. juni 2011

Klokke

Denne klokka kjøpte eg på Kremmerhuset i Bergen.
Det er ei tynn plate i alminium ( trur eg )
med eit bilete som ser slitt og gammalt ut.
Passa perfekt til eit prosjekt eg hadde i tankane.



Eg har fått eit av pappa sine utbrukte sagblad,
og har vaska av det verste rusta.
Litt rust må der jo vere..




Etter litt demontering og montering,
vart det ei kjempefin klokke.
Foreløpig har eg ikkje hengt den opp,
den blir nok for tung til å henge opp etter utverket.
Kanskje det må bli eit bord- eller golvur..

Er i allefall fornøgd med resultatet :)




8 kommentarer:

  1. Artig klokke,du veit å få det til,Ann-Tove:)

    SvarSlett
  2. Skjønar at det er ikkje berre med nål og trå du er flink, dette vat kjempestiligt!!
    Denne må du få fram, i rette miljøet blir det heilt topp:-)

    SvarSlett
  3. Lag ei "hylle" av ei brei list eller planke eller kva som høver i miljøet med små hylleknektar eller meir skjulte løysingar. Monter sagbladet som om den har starta å skjere i lista eller planken - eller...

    SvarSlett
  4. Takk for fine komentarar. Og takk for god idè, BenteOO.

    SvarSlett
  5. Stilig altså. Så kreativt.

    Ha ein god dag!

    Klem:)

    SvarSlett
  6. Direkte stilig!!..og kreativt!
    Ha ei god helg, klem fra meg;)

    SvarSlett
  7. Du er heilt rå,Ann Tove.
    Klokka var knallstilig.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...