mandag 29. august 2011

Etui må til..

No har eg tatt det store skrittet å kjøpt meg ein Iphone4.
Artig dings dette :)
Mykje konsentrasjon dei første dagane
når meldingar oa skal skrivast.


Kunne liksom ikkje berre sleppe denne
flotte saken nedi veska utan beskyttelse.
Måtte i hu og hast lage meg ei lita veske til den.
Det var litt ullstoff og ein knapp..
enkelt og greit.
Men etter å ha brukt den nokre dagar,
fann eg ut at eg skulle lage fleire slike.
Og at det hadde vore fint med litt dekor på.



I går fann eg fram meir ullstoff, litt trådrestar,
som eg har ein god de av..
og ei filtenål som eg aldri har brukt før.
Slik vart den på baksida..


.. og framsida, open..


.. og lukka.
Dette må eg prøve meir, med ander fargar
og kanskje anna stoff og dekor.
Slike ting er sikkert greit å ha til salgs på messer ol.




9 kommentarer:

  1. Hei!
    Har hatt slik ei stund, og den er super!
    Men eg har ikkje laga so fin "veske" til den, då.....vart noko ferdigkjøpt her.

    SvarSlett
  2. Blei eit kjempe fint etui :D Kjøpte meg eit i dag, ja kjøpte, hehe. Men då er eg klar for mi invistering òg;)

    SvarSlett
  3. Stilig til tusan. Super idè. Det må då være mange som kan tenke seg noko så tøft!

    Stilige stoff du har brukt til kjekke strikkeposer.

    Klem:)

    SvarSlett
  4. Heilt supert, både til telefoner og briller :))
    Eg må nok komme på butikken din snart :)

    SvarSlett
  5. Verkelig fint etui,Sandra kjem til å like dette.

    SvarSlett
  6. Kjempefint etui!
    Mye finere enn de masseproduserte kjedlige.

    Takk for inspirasjon!
    Fin søndag :)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...