søndag 18. september 2011

Søndagstur

I dag har eg vore på tur i flott natur,
som starta rett over vegen frå huset vårt.
Her kjem eit bilderas frå turen.
Eg berre knipsar i vei mens eg går,
då er det alltid nokre bilder som kan brukast.

Bildet over er litt av bygda Herland der eg bur,
tatt mot nord.


På første topp, kalla "Tyskarhytta".
Flott utsikt mot vest og av Alden og Tviberg.




Her er Brurastakken til høgre
og den mykje fotograferte Alden i bakgrunnen.
Den har eit lag med å komme med på mange bilder..





Turen gjekk ned langs foten av Brurastakken..


...heilt ned i fjæresteinane.
Der stod ein postkasse..


.. i den ligg det ei bok som turgåara kan skrive seg inn i.


Eit lite kristtorn tre midt i ei lyngtue.


Der var ein del slike busker med røde bær på.
Veitt ikkje kva dei heiter.




Mykje flott stein, i mange variantar.


Fine høstfargar er begynt å vise seg i naturen.


Svarte bær..


...


Ikkje mykje bølger i dag.


Då er det berre å begynne på motbakkane.
Her er det sett opp stigar og kjetting til rekkverk,
for å kunne komme seg oppover.



Etter ein del pust og pes oppover og oppover,
er eg på toppen av Brurastakken.
Vel verdt turen.


Her har eg tatt bilde av boreplatformane som ligg vest for Alden.
Ganske uklart, har sooma heilt inn med kameraet.

Etter tre timar var eg vel heime,
kunne nok gjort turen unna på halve tida.
Men det er mykje flott å sjå på,
og godt å ta seg tid å nyte ein slik flott dag.









8 kommentarer:

  1. Flotte naturbilde. Kjekt at du ga deg tid og tok bilder og delte dei med oss. Eg har liksom no "fått vore med" og det var ein nytelse :)Eg kunne kjenne/ane den reine gode kystlufta med eim av saltvatn og fjøre. Stillheita, det vide åsynet over alle øyane når ein kjem opp på ein topp og kjenne brisen fra havet. Aia var eg der.
    Har gått Nordsjøløypene på øyane lenger ute i havet. Flott tiltak.

    Ha ein god dag!

    Klem!

    SvarSlett
  2. Kjempe flotte bilete, mamma! Gledar meg til å komme heim og ta turen :)

    SvarSlett
  3. Fine bilder,ser du har hatt ein flott tur i god været.

    SvarSlett
  4. Så flott tur du har hatt!! Nydelege bilder, natur og fargar!

    Takk for turen!

    Go' veke!

    Solklem

    SvarSlett
  5. Ser ut til at du hadde ein flott tur AnnTove:-))) Fine bilder frå turen!!:-)

    SvarSlett
  6. Takk for at du tar oss bloggtittere med på tur. Her på Østlandet regna søndagen bort....

    SvarSlett
  7. Nydelege bilete av flott natur! Vi er heldige som bur i slike vakre omgjevnader! Flott blogg du har :)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...