Har lenge hatt lyst å lage pulsvarmarane: Elf clobber.
Å lage noko etter engelsk oppskrift,
er noko eg aldri har prøvd.
Gjekk bra so langt ( bildet øverst )
men når eg skulle hekle, vart det berre oppattrekking..
Dette får eg ikkje til :-(
Er det nokon som kan forklare meg første partiet på hekleborda?
Her er eit lite glimt av andre prosjekt som er i sving.
Strikkar hyssing/tau på pinne nr 5..
Har strikka ein duk før, for mange år sidan.
So det var artig å prøve igjen.
Tynt garn og pinne nr 2.
so det blir nokre heklaruter i løpet av veka òg.
På ferje, i bil og ellers når det er ei ledig stund :)
Var òg godt å ha når vi kjøyrde til Førde her om dagen,
kom over asfaltlegging med opptil ein time venting for å sleppe forbi.
Men ingen fare, kosa meg med handarbeid den stunda, eg :-)
Kjem på fleire handarbeid som ligg nesten ferdig,
men dei har eg ikkje bilde av.
Kanskje eg skal ta å gjere dei ferdig..
Ynskjer deg som er innom ei kjempefin helg.

Desverre kan eg ikkje hjelpe deg. Håpar noko andre kan bidra med det. Det var no kjekt å sjå litt av det du held på med :) Gleder meg til vi får sjå pågåande arbeid ferdige.
SvarSlettStrikka hyssing .....artig :)
Ha ei fortreffelig helg i ruskeværet! Godt innevær til handarbeidskos.
Klem:)
Hallo!
SvarSlettEg kan prøve å hjelpe deg. Eg treng å sjå oppskrifta og evt "prøvehekle" den, så tenkjer eg at vi skal få det til;o)
Det var mykje spennade i innlegget ditt i dag;o)
Ha ei luftig og fin helg!
Solklem
Her var det mykje fint på gang:) Spent på den hyssinggreia!
SvarSlettGod helg!
Hehe, ikjer verst mamma! Likte skikkeleg godt prosjektet med å strikke hyssinga, det kan nok brukast til så mangt.
SvarSlettHa ei super helg der heime :)
Eg kan hjelpe deg. Har strikka/hekla ein del av dei.
SvarSlettEg ser du har hekla første runde,- hekle fastmasker i bakre maskeledd.
2.runde: 2lm (hst, puff st, lm hopp over ei maske) Hekle det innanfor parantesen til du er rundt,- kjm på slutten.
Puff st = (kast, ta heklenåla rundt stammen på hst du nett laga, kast og dra tilbake) gjer dette 3 gongar,- då skal du ha 7 masker (kast pluss maska frå hst) som du då skal ta ei lm gjennom.
Skjønte du det? Litt vanskeleg å forklare, men...
Vidare er det lurt å studere diagrammet samtidig som du ser på forklaringa,- for forklaringa hennar er ikkje heilt god. Send meg ein epost om du lurer på noko, så kan eg hjelpe deg vidare. ;)
yo, insert hook around stem of hdc just made, yo and draw up a loop) 3
Så mye flott håndarbeid du har i sving. Smart å ha med seg en heklenål og garn i veska så man kan fylle ventetid. Jeg holder på med et teppe av bestemorruter selv, så jeg burde kanskje bruke tipset ditt. Takk for titten her hos deg =)
SvarSlettKjekt å ta ein titt inn i din kreative og fargerike verden igjen, Ann Tove :-)
SvarSlettFlott arbeid !!