Her skal eg vise deg mitt spennande prosjekt :)
Er so heldig å har fått mange avklipte bilbelter,
og endeleg kan eg prøve ut noko av det eg har hatt planar om lenge.
Enda kjekkare når dei er i forskjellige fargar,
her har eg mykje kjekt arbeid framfor meg :)
Har som sagt tenkt på dette lenge,
men den veska eg hadde i tankane såg ikkje slik ut..
Begynte å klippe, og tenke og sy.
Idear og planar blei forandra etterkvart,
og fann fort ut at eg har idear til fleire veskemodellar klar.
Kom på for mange detaljar til å ha alle på ei veske.
Denne veska har eg sydd av bilbelter og lin.
Er spent på kor sterk lin er i slik bruk,
sette derfor forsterkningar ved bunnen,
det er vel der slitasjen er.
Mykje grubling om toppen av veska,
korleis skal lukninga vere..ol.
Enda opp med glidelås,
krok utanpå til å henge bilnøklar i mens ein er utav bilen eit ærend,
og lange nok hank til å ha veska på skuldra.
Likar ikkje desse veskane som er slik kort hank på..
Litt forsterka bunn blei det òg.
Med "knottar" under, dei er jo på bilbelta frå før.
Inni har eg fòra med bomullsgardiner etter ei tante.
Eit par lommar i lin, og selfølgeleg nøkkelsnor.
Er storfornøgd med veska,
stor og god med plass til alt eg berre må ha med når eg er utav huset.
Det har tatt ei god stund å lage den sidan den er blitt forma etterkvart som eg sydde.
Har enda meir igjen av bilbelta, og det er godt,
for planane er mange enda :)
Ha ein fin dag.
Stilig veske.
SvarSlettEg er heilt imponert over fantasien din, blir spennande å sjå kva det neste blir.
Imponerende! Og veska ble råstilig! :o)
SvarSlettFlott veske! Kjekt med gjenbruk!
SvarSlettKor tøft! Kjempefin veske;) Har aldri sett nokon sy med bilbelter før;)
SvarSlettSom so ofte før:Imponert over dine gode idèar og din kreativitet.
SvarSlettWOW! Den ble utrolig fin. Så flink du er!
SvarSlettEllen :)
Den blei kjempestilig! Alt du finne på....
SvarSlettImponert igjen. Lurer på hvor du tar det fra? Skikkelig tøff veske.
SvarSlettStilig!
SvarSlettSåå utrolig Stilig! Knallbra gjenbruk! Hvor har du fått tak i alle bilbeltene?! :)
SvarSlettLenaE
Så utruleg stilig! Tenk å ha litt av kreativiteten din. Du er berre heilt fantastisk.
SvarSlettSå stilig :0)
SvarSlettDette må være gjenbruk på sitt aller mest kreative.... :O)
SvarSlettSå utrolig flott vesken ble..., digger ideen din!
Takk for den hyggelige kommentaren på bloggen min!
Stadig like inponert over deg og din kreativitet :-)
SvarSlettGod held !
...helg...:-))
SvarSlett