I fjor sommar fekk eg påbegynte handarbeid,
garn og handarbeidsutstyr etter ein slektning.
Blandt anna var der garn, mønster og nokre få ferdig hekla firkanter.
Har brukt noko av våren og sommaren til å hekle resten av dei.
Då alle firkantane er ferdig hekla er det ein del trådendar som skal festast,
ikkje det kjekkaste, men slikt må også gjerast skal ein komme vidare i prosessen :-)
Men kjekt å hekle i slike friske fargar.
Den grønne fargen kjem ikkje fram skikkeleg på bildet.
Her er teppet ferdig møntert, vaska og tørka.
Hekla i Ullteppegarn,
vekt 710 gram,
mål 120 x 170 cm
Fint teppe i spreke fargar:)
SvarSlettSå flott teppe, herlege fargar 😃
SvarSlett