tirsdag 5. november 2013

Rask bursdagspresang



Var bedt i bursdag her om dagen, 
og visste ikkje kva eg skulle ta med som presang.
Kom på ar vedkommande tidlegare i haust hadde bestilt tøflar hos meg.



Tok eit dykk i garnlageret mitt, der var det ikkje system lenger.
Må nok ta meg tid ein dag å sjå over og sortere litt der ja..

Fann no to nøster Viking Raggen og strikka desse tøflene i dobbelt garn på pinne nr 6.
Litt nylon i dette garnet, so dei skal tole litt bruk.
Og so slapp eg å tove dei, det har eg ikkje heilt kontrollen på :-)



Har hekla rundt kanten med Puddel.
Kry av meg sjølv.. greidde å strikke desse på ein dag, 
pluss ar eg var på arbeid nokre timar ( 1/2 dag) og fekk gjort litt anna i heimen.




4 kommentarer:

  1. Flotte tøfler, kjekt å gi bort noko som ein ynskjer seg.

    SvarSlett
  2. Desse såg gode og varme ut:) Ingen dum presang, dette.

    SvarSlett
  3. De ble kjempefine. har du laget mønsteret selv? Har planer om å lage tøfler til mamman min og sånne ville passa supert. De så så varme og gode ut.
    Ellen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mønsteret er i utgangspunktet frå dette: http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=116&d_id=27&lang=no
      Men strikka sjølve foten rundt i staden for fram og tilbake. Då slapp eg saumen oppå foten.

      Slett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...