onsdag 12. november 2014

1, 2, 3

Nr 1. Etter det eg har sett på nettet i det siste,
 er det populært med slike babynest til babyar.
Måtte sjølvsagt prøves, og her er første utkast frå meg..
 


Den kan vrengast og brukast på begge sider.


Nr 2. Dette er sydd i meir nøytrale fargar.
Blei gitt som gåve og er komt i bruk :-)


Nr 3.Dette har eg sydd til vårt første barnebarn
 som kjem til verden i løpet av høsten.



Laga ei lita pute til.
Dobbelt lag med stoff, utan fyll.
Greit å ha om det blir smågulp, so treng ein ikkje vaske heile nestet.


Pynta med blonder etter ynskje frå vordande mor :-)

No er det berre å vente til det kan takast i bruk.
Vi gler oss :-)



5 kommentarer:

  1. Hei
    Oppdaga bloggen din når eg satt og googla sunnfjordbunad.. du er virkelig en 1000 kunstnar. Eg lurte rett og slett på om du syr bunader på bestilling. Eg er på jakt etter noken som kan sy en bunad til meg. Eg har ingen hast til kommande 17 mai, men tenkte at skal eg no få meg bunad lyt eg starte prosessen...

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, takk for fin tilbakemelding :-) Når det gjeld syiing av bunad, kunne eg sikkert sydd på fulltid. Er i arbeid, og har andre fritidssyslar som krev tid. So eg kan desverre ikkje ta på meg meir bunadsaum på nokre år, lista er full ut 2018. Du får sette igang sjølv, kanskje nokon i nærleiken som syr bunad og som kan rettlede deg i prosessen. Slik lærde eg å sy bunad. Lykke til, håpar det ordnar seg :-)

      Slett
  2. Så fine Ann Tove,du er flink,babyen får det nok godt oppi der:)

    SvarSlett
  3. Desse var kjempefin, fekk spørsmål for litt sidan om eg kunne teke meg å sy eit, men eg kan ikkje love noko slikt, veit aldri når det blir ferdig. Min sying går litt i rykk og napp for tida.

    SvarSlett
  4. Så fint dette er. Ser det er mange som lager slike nå.
    Ønsker deg en fin førjulstid.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...