søndag 14. august 2011

Fiskarbondens helg og høgtid

Som nevnt i tidlegare innlegg, hadde vi utstilling på krabbefestivalen.
Vi var fem damer pluss hjelpara som hadde ansvar for den.
Tema: Fiskarbondens helg og høgtid, og det kom mykje fint inn til utstillinga.
Folk henta fram bla flotte bryllaups-, komfirmasjons- og dåpskle
som vi prøvde å stille ut som best vi kunne.

Over er det bilete av konfirmasjonskjolar frå 1950 og 1960 talet.


Her er nokre eksemplar av kvardagsbunadar,
som var brukt rundt 1960 talet.


Flott drakt frå -50 talet.
Og barnevogn frå samme tiår.


Mange gamle fine dåpskjolar fekk vi låne.
Dokkevogna er mi, frå seint -60 tidleg -70.


Konfirmasjonsdressar frå 1974 og -75.
Artig å sjå slik sleng på buksene og platåsko.


Gammalt mokkaservice, som eg har etter mine besteforeldre.
Er ikkje sikker på årstall.


Og her eit flott par frå 1960 talet.
Fargar som eg likar godt.


Eg berre måtte prøve..

Under oppryddinga falt eg for fristelsen å bytte plass med prøvedokka.
Eit av dei få antrekka som passa min størrelse.
Det fleste kjolane var so forbaska smale i livet..

Der var mange andre flotte antrekk òg, men har visst ikkje fått tatt bilete av alt.
Og når det gjeld årstall eg har nevnt, kan det vere nokre som ikkje stemmer heilt.

Takker for fine komentarar i innlegga mine,
hyggeleg å få respons på blogginga.




10 kommentarer:

  1. Skjønner ikke selv, de hadde så forbasket smal midje i gamle dager:O)
    Artig med ei slik utstilling, kjenner igjen min barndom og oppvekst her;)
    Nyt dagen , klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Fantastisk flott utstilling.
    Ein slik som den vesle kvardagsbunaden hadde eg og, på 60 talet. Min hadde einsfarga blå vest og blått og kvitstripete skjørt.
    Huskar den godt :-) Stilige vogner.

    Det var nok anleis med midjene før i tida, enn no. Det må det vere....

    Ha ein fin søndag :-)

    SvarSlett
  3. Det var ei kjempefin utstilling:-) fekk desverre ikkje brukt så lang tid som eg hadde tenkt der inne,men fekk no med meg det meste.De hadde gjordt ein bra jobb:)

    SvarSlett
  4. Artig utstilling! Så flinke folk er til å ta vare på gamle ting der ute:)
    Lurer på om det vart nokre bruktbutikkar på deg på turen!?
    :-)

    SvarSlett
  5. Fin utstilling,hugsar og at eg hadde slik bunad,men vi kalte det bondepikedrakt, i samme farger som Bente.

    SvarSlett
  6. Flott utstilling dokke har laga. Her var det mange kjente antrekk. Artig å sjå det igjen. Vi følte oss så stilige i slengbuksene, og smal midje hadde vi :) Bondepikedrakt hadde eg også. Den var blå og kvit.

    Ha ein fortsatt fin dag!

    Klem :)

    SvarSlett
  7. Takk for fine komentarar. Eg hadde òg ein slik, men kalla den bondepikedrakt, som Aud. Den var lys blå med kvitt stripeliknande mønster. Den brukte dattar vår då ho var lita òg.

    SvarSlett
  8. Flott utstilling dåke hadde laga til!:-)))

    SvarSlett
  9. Hei, jeg lurer på hvordan du får laget disse "navnelappene" du syr på produktene dine? Fint hvis du kunne svare på min side.

    mvh, Simen (simenforfolket.blogg.no)

    SvarSlett
  10. Eg og hadde bondepikedrakt :)Elles var her mykje fint - har nok hatt ein variant av dei fleste antrekka. Kjekt å sjå :-))

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...