lørdag 4. februar 2012

Fornying

Ein vindfull dag fann eg fram ei gammal sid kåpe.
Den har hengt på boden i fleire år,
og har lenge tenkt at eg skulle gjere noko med den.


Etter litt grubling og leiting i tilsidelagte klær og stoff,
fann eg ei grøn oppspretta kåpe.
( kjøpt på freetex ein gong )
Perfekt farge å kvikke opp den svarte kåpa.
Er igrunn ikkje so glad i svarte kle,
men har likavel nokre plagg i den fargen.

Her ein liten stoffbit i nakken av kåpa.





Kåpa er klipt av til litt over knehøgde.
Og litt grøn pynt tilfeldig nede ved splitten.


Erme.



Kragen frå den grøne kåpa har eg sydd på den eksisterande kragen.
Øverste del kan brettast opp og ned kvar for seg,
feks den svarte delen ned og den grøne delen opp.

Ermene er lagt opp,
gjekk alltid med oppbrett på ermene når den var i bruk.

No har kåpa mi fått eit nytt liv, og kan takast i bruk igjen.
Den skal ikkje henge på boden no lenger :-)



10 kommentarer:

  1. Flott!
    Du er superflink med dei omsying-prosjekta dine.
    Melde meg foresten på eit kurs i saum- og redesign, men ombestemte meg (fordi det kom eit kurs som freista meir:))
    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Den ble direkte lekker, skikkelig ei designkåpe! Ser jo så enkelt ut også, men er redd det ikke er det..
    Ha ei flott helg videre, klem fra mæ;)

    SvarSlett
  3. Du er kjempeflink, Ann Tove.
    Kåpa vart ny og spennande.
    God helg til deg :-)

    SvarSlett
  4. Denne vart super!! No er den så god som ny og ingen er lik. Det siste er gjerne det beste....;o)

    Du er dyktig!

    Ha ein framleis god helg!

    Solklem

    SvarSlett
  5. Kåpa ble knalltøff! Synes gjenbruk er såååå artig.

    SvarSlett
  6. Den blei jo superfin. Du verden så du er kreativ!!
    Imponerer stadig vekk. Ein nytesle å følgje med deg på bloggen din.

    Ha ein god dag!

    KariLklem:)

    SvarSlett
  7. Kjempefin kåpe! Og ein nydeleg kjole i innlegget under.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...