mandag 7. februar 2011

Litt forandring, og vips...

I helga har dotter vår vore heime.
Vi har kosa oss med strikking, filmar ol.
Og vi har vore på "skattejakt" hos foreldra mine.
Noko som eg sikkert kjem til å vise i bloggen ein dag.
Vi er like fasinert av gamle ting begge to,
so det var ei spennande stund å opne gamle kofferter,
og prøving av det vi fann :)

Denne frakken er altso ny.
Den har ho kjøpt på postordre,
men den var ikkje heilt etter forventingane.
Då er det berre å koble i symaskina og ta eit tak.



Ermane var for lange,
so der sydde eg eit par legg.
Fann ut det var enklare enn å ta av mansjetten og klippe av der.
Synest det pynta litt opp òg.


Etter å ha klippt av ein del av lengda,
vart det ei heilt anna jakke.


No kan jenta godt bruke jakka,
når ho går til skulen i Bergen by.
Beklager dårlege bilder,
slik går det når ein amatør tek bilder i dårleg lys og har lita tid.


Ha ein fortryllande dag vidare.



7 kommentarer:

  1. Hei.Så fin den ble.Kjempe fin.Ikke mye som skal til før det blir stor forandring.Så flink å kreativ du er.Nydelig.Ønsker deg en riktig fin Mandag videre.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  2. Vart jo skikkeleg fin den jakka! Likte fargen også:)

    SvarSlett
  3. Eg er inponert, du er flink og jakka vart som ny!!
    Fin kveld :)

    SvarSlett
  4. Så fin jakka ble.
    Det er ikke så mye som skal til når en kan håndtere symaskinen.
    Kjekt er det og å gå på skattejakt.
    Ønsker deg en fin uke.

    SvarSlett
  5. En helt ny jakke jo, flink du til å se mulighetene i det som kan virke håpløst.

    Ønske deg en flott tirsdag.

    SvarSlett
  6. Tusen takk for hilsen i bloggen min.
    Oppskriften på gryteklutene fant jeg i Drops sin julekalender.
    Ønsker deg en fin dag.

    SvarSlett
  7. Du er jammen flink, jakka vart so flott!
    Slik kan det gå, berre ein er kreativ nok.
    God tirsdag!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...