mandag 14. februar 2011

Jentetur og morsdag.

Fredag var eg og mamma på "jentetur" til Førde.
Uten store planar,
gjekk vi berre og såg oss om i butikkar.
Kjekt å gå slik utan å stresse med lang liste over alt ein skulle rekke over.
Eg måtte berre ein tur inn på Trapp Ned butikken,
for å få litt inspirasjon.
Og det fekk eg..
Kjøpte mønstrete og einsfarga lin,
med blonder og kroklisser til.
Har ein plan for dette :)


Dette stoffet måtte eg berre ha.
Kunne ikkje gå ifrå ein slik fin farge.
Veit ikkje kva eg skal bruke dette til enda,
men kjekt å ha.


I går var det som alle veit morsdagen.
Eg fekk ein nydeleg orkidè...


.... og denne boka.
Her er mange gode idear.
Eg var storfornøgd med presangane.


Var til mamma og pappa på kaffibesøk.
Eg laga kort i full fart.
Lenge sidan mamma har fått sjølvlaga morsdagskort frå meg.
Får det ikkje heilt til,
ser so mange fine kort på andre blogger,
men kjem ikkje på noko då eg skal prøve sjølv..


Slik ser det ut inni.
Ganske enkelt, men men
det er tanken som teller.

Den store mammadagen var avslutta ilag med
10 andre mammaer på revyøving :)
Kjempekjekt.




11 kommentarer:

  1. Det var fine stoff.
    Eg MÅ alltid på den butikken når eg reiser til Førde, masse fint der.
    Det vert berre so altfor sjeldan, etter at mor mi gjekk bort har det vorte sjeldnare og sjeldnare med Førdetur, desverre....men slik er det.
    Såg veldig kjekk ut den boka òg......
    Har ikkje prøvt meg på kort (endå), synest ditt vart fint, eg........
    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  2. Flotte stoff,Ann-Tove.
    Blir spennande å sjå ka du kjem til å sy av dei:)

    SvarSlett
  3. Fine stoff i fine fargar - det nederste var skikkeleg stilig! Farleg å gå inn på slike butikkar... hehe!
    Boka såg spennandes ut! Det skal forresten gå eit sykurs om redesign i Askvoll, men eg veit ikkje om eg melder meg på.

    SvarSlett
  4. Kjempefint stoff, eg må også innom den butikken når eg er i Førde, mykje fint der.Kjekt å ha tid til å rusle rundt utan noko som må gjerast. Hadde ein slik tur med dattera mi i Bergen for tre veker sidan.

    SvarSlett
  5. Kjekt med ein slik "kosetur" av og til.
    Flotte stoff, dette blir spennande :-)

    SvarSlett
  6. Hei.Så mye fint du kjøpte deg.Nydelig stoff.Kjempe nydelig Orkide.Ønsker deg en riktig fin uke videre.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  7. Koselig å reise på jentetur med mammaen sin. Og fine ting vart med deg heim. Blir spennande å sjå kva planar du har med innkjøpa dine.

    Fin tirsdag til deg.

    SvarSlett
  8. Kjekt å stikke innom bloggen din, Ann Tove!!
    Du har alltid så mykje fint å vise og så likar eg så godt måten du skriv på....

    Ha ein flott dag!

    SvarSlett
  9. Så fin tur du har hatt og fin morsdag.
    Ønsker deg en fin helg og takk for besøk i bloggen min.

    SvarSlett
  10. Jeg elsker å se på blonder og drømme meg bort i prosjekter;)
    Nydelige stoff, så det blir sikkert noe lekkert;)
    Tenker din mor ble glad for et slikt kort, det var jo nydelig!
    Nyt helga også, klem fra meg;)

    SvarSlett
  11. Det skal bli spennende å se hva du har tenkt å sy når du skal på redesignkurs. Det er en artig bok du har fått, det var derfra ideen om å snu på skjorta mi kom!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...