søndag 6. mai 2012

Bunadstid

Denne bunadlommen har eg berre montert.
Den pyntar opp bunaden til ein konfirmant i Florø denne helga.
Fekk den tilsendt ferdig brodert, 
utanom korsstinga rundt kanten som må syast på etter montering.




Det blir ikkje mykje bunadsaum denne sesongen,
berre ein cape, utanom denne lommen, som eg skal til på denne veka.
So skulle eg hatt ny kant nede på min eigen bunad,
men det blir ikkje på denne sida av 17 mai.

Men neste vår har eg 2-3 bunadar på bestillingslista..
Heldigvis skal dei som bestiller brodere ein del sjølv.
Er ikkje so glad i denne broderinga på svart stoff..






5 kommentarer:

  1. Flott lomme. Eg er heilt einig med deg at broderi på svart er ikkje noko serleg.Synest eg var ferdig med det verste på bunaden når eg var ferdig med dei 13 knapphola på den svarte buksa med svart silketråd. Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  2. Nydelig lomme. Eg likar heller ikkje broderiet på svart, kan det har noko med alder å gjere. Har funne ut at det er sommerarbeid, så kan ein ta resten på vinterhalvåret. Har berre dei gule kjedestinga nede på kanten min, og har tenkt på om eg skal brodere dei røde spissane.

    Ha ein forsatt god dag!

    KariLklem:)

    SvarSlett
  3. Eg er imponert! Eg hadde nok med den bunaden eg sydde om i fjor.....

    .... og kom vel då til at dette kan andre få glede seg med....;o)

    .... og broderi på mørke ullstoff treng godt lys og haugar av tolmod....

    Gje meg heller litt soff i bomull med vakre fargar og mønster og eg kan sy dagen lang.....;o )

    Ha ein framleis fin søndag;o)

    Solklem

    SvarSlett
  4. Kjempefin - du kan litt av hvert. Er i gang med bunad til datter nr. 2, men det er heldigvis broderi på hvitt linstoff og med fine farger, så det er et koselig arbeid. Gruer meg litt til skjorta....

    Spennende plagg du har redesignet - er imponert over hva du får til.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...