fredag 10. juli 2009

I går kveld tok vi turen rundt Brurastakken ( geologstien ),
ein flott opparbeidd sti.
Godt oppmerka med skilt og små varder,
ikkje vanskeleg å finne fram, sjølv for folk som ikkje har vore der før.


Flott utsikt utover skjærgården.
Vi er heldige som har silkt flott turtereng rett utanfor stovedøra:)


Lyngen er begynt å bli lilla og fin,
fekk ikkje fargen skikkeleg fram.
( bruker berre mobilkameraet, har ikkje anna kamera for tida )


Kom over ein del blåbær òg,
men hadde ikkje noko å plukke i....


Kan igrunn ikkje fordra å plukke bær,
men har funne ut at hvis eg vil ha blåbær, må eg plukke dei sjølv...
So i dag tok eg sekken på ryggen og rusla ut for å finne blåbær.
Skulle ikkje gå langt før eg kunne begynne å plukke, og her er resultatet.
Nesten to kg bær, ikkje verst til å vere meg:))
Er SO formøgd med meg sjølv,
og jammen trur eg at eg må ha ein tur til ein dag, å plukke litt til.
Supert å ha i frysen utover høst og vinter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...