søndag 5. juli 2009

Nyter sommarkveldane på altanen med strikketøy og vin:)
Flott utsikt mot nord.

Av og til er det pus som held meg med selskap.
Har strikka eit lite brunt ullteppe til ho, so ho kan kose seg på (under) :)

Forige helg var vi i Florø i bryllaup.
Dette er noko av presangen til brudeparet,
har brodert bilde med navn og dato under.


Hadde ei kjempeflott helg,
med vigsle av eit flott brudepar i Florø kyrkje...


..og vidare feiring på hotell..


Denne veka har vi hatt to fine dagar i mitt sommarparadis...
Ikkje so lange båtturen heimanfrå,
men kven treng reise lenger når vi har det so fint i nærleiken?
Utsikt får hytta mot vest og Geita fyr.


Herleg å berre vere på stranda og stikke føttene i sanden...


PÅ vei heim igjen, Brurastakken i bakgrunn.

Fortsatt god sommar, og takk for at du ser innom bloggen min:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...